Rådmann Atle Fasteland er glad for at ein ny dag snart er omme utan at nokon i Vaksdal har fått påvist korona-smitte. (Arkivfoto)

Ikkje aktuelt å stengja kommunegrensa

Både Ullensvang og Osterøy kommunar har nærast stengt kommunegrensene sine i kampen mot Korona-viruset. Rådmann Atle Fasteland meiner at slikt førebels ikkje er aktuelt i Vaksdal.

— Men kva me gjer i framtida, nær eller fjern, er i dag umogeleg å seia. Dette forandrar seg svært fort, seier Fasteland.

— Det er eitt generelt innreise- og utreiseforbod i Ullensvang kommune for alle reiser som ikkje er naudsynte. Fysiske restriksjonar kan verta aktuelt, og vert vurdert løpande, heiter det mellom anna på Ullensvang kommune sine heimesider.

Hjå Osterøy kommune seier ein frå i dag, måndag, nei til alle inn- og utreiser i kommunen som ikkje er kritisk nødvendig. . I dag vart det orientert om dette til mellom anna bilistar på Osterøy-brua.

— Umogeleg med grensekontroll

— Førebels er me ikkje der i Vaksdal. Med E16 og jernbana gjennom kommunen vert det å kontrollera slikt ei nærast umogeleg oppgåve. Me kan heller ikkje ha fok som står på Shell-stasjonen på Dale og nektar bilistane å tanka, seier Fasteland.

Ingen koronasmitta i Vaksdal

Rådmannen synest elles er bra å vita at ein endå ikkje har nokon i Vaksdal som er smitta av Korona. Testar er gjort av vaksdalingar på Voss, så langt med negativt resultat.

— Elles så har eg fått med meg mistanken om koronasmitte i fabrikken på Dale, men har ikkje høyrt noko om resultat derifrå, seier Fasteland, som oppmodar innbyggjarane om å halda fram med å følgja dei strenge retningslinene som er i kampen mot å unngå smitte.

Mistanke om smitte i Dale of Norway.

Han synest folk i Vaksdal generelt, politisk leiing og medarbeidarane hans i kommunen, og særskilt helsepersonell, har handtert dette på ein god måte.

— Det takkar eg alle for, og så håpar eg det held fram på same viset i tida som kjem, seier rådmann Fasteland.