Naudetatane rykte ut til ulukka onsdag ettermiddag.
Naudetatane rykte ut til ulukka onsdag ettermiddag. Foto: Illustrasjon

Ikkje alvorleg skadde i trafikkulukke på E16

I 14.30-tida onsdag vert det meldt om ei trafikkulukke i Langhelletunnelen på E16.

Naudetatane rykte ut til ein front mot front-kollisjon i Langhelletunnelen, mellom Vaksdal og Stavenes.

Det skal ikkje ha vore høg fart, og heller ikkje alvorleg personskade. To personar, ein i kvar av dei bilane som støytte saman, skal vera involvert i ulukka.

Det vert meldt om store materielle skadar på bilane.

– Det er ikkje alvorlege personskader, men store trafikale problem i samband med hendinga, melder politiet.

Vegen var stengt i om lag 1,5 time etter ulukka. E16 opna vart opna for trafikk att litt før klokka 16.00.