Ikkje fleire smitta

Kommuneoverlege Ole M. Thorset opplyser fredag at det ikkje er meldt om fleire korona-smitta i Vaksdal.

KOmmuneoverlege Ole M. Thorseth opplyser fredag at det førebels berre er ein person i Vaksdal som har fått påvist koronasmitte. Foto: Esben Hesjedal

– Det er framleis berre ein person som er registrert med korona-viruset her hjå oss, seier Thorseth ei veke etter at dei strenge restriksjonane vart innført her til lands.

Litt færre spørsmål

Koronatelefonen til Vaksdal kommune, som har nummeret 453 77 777, hadde i starten av veka stor pågang.

– Dei som svarar på denne telefonen opplyser at pågangen har avteke litt no mot slutten av veka. Men det er framleis folk som ringjer og har spørsmål.

Koronatelefonen har ope på dagtid i vekene, til andre tider er det legevakta med nummeret 116 117 som gjeld.

Når det gjeld testing av folk som det er mistanke at kan vera koronasmitta, fortel Thorseth at det er gjort nokre justeringar frå sentrale myndigheiter.

– Det er no mellom anna slik at helsepersonell som kan tenkjast å vera smitta, uansett skal testast. Dette på grunn av at ein har særskilt fokus på å hindra smitte av helsepersonell, som igjen kan smitta andre i sårbare grupper, seier kommuneoverlegen.

Hjelp

Vaksdal kommune jobbar elles med å organisera eit tilbod til dei som treng å handla mat- og apotekvarer. Her ønskjer ein kontakt med frivillige.

– Tilbodet er til deg som er i isolasjon/karantene, eller av andre grunnar som følgje av koronautbrotet ikkje kjem deg til butikken, heiter det i ei melding frå kommunen.

Dei som kan tenkja seg å hjelpa, eller treng du hjelp, kan ta kontakt på telefon eller e-post:

Telefon: 56 59 31 15 alle vekedagar mellom kl 10.00-18.00.

Artikkelen held fram under annonsen.

Torunn Samuelsen, e-post: torunn.samuelsen@vaksdal.kommune.no

Trond Olav Magnussen, e-post: trond.olav.magnussen@vaksdal.kommune.no