Stormflo: Slik såg det ut på Helle, like innom Hellestraumen bru, ved midnatt. Foto: Trygve Jakobsen

Ikkje meldt om skader etter stormfloa

Rundt midnatt natt til tysdag var stormfloa på sitt høgste. Men kommunen har ikkje fått inn meldingar om skader.

Stormflo: Det var høg vasstand på industriområdet nedom jernbanestasjonen på Stanghelle ved midnatt. Foto: Karl Martin Valestrand

Torstein Mehus ved kommunalteknisk drift fortel tysdag morgon at kommunen ikkje har fått meldingar i samband med høg vasstand.

– Så langt eg kjenner til, så ser dette ut til å ha gått fint. Kommunen har få installasjonar som står i fare ved høg vasstand. Det er nok ein del naust og liknande som har fått vant inn, men i og med at det var så stilt, så har nok det meste gått bra, trur Mehus.

Stormflo: Vatn på bakkane på Helle rundt midnatt. Foto: Trygve Jakobsen

Kommunen har eit lager med sandsekkar til bruk ved behov, men dei er ikkje brukt i samband med stormfloa.

– Det er helst store nedbørsmengder som skapar utfordringar her hjå oss. Denne gongen var det ikkje det, og også stilt og fint. Kanskje vil ting bli oppdaga no når det lysnar, men alt i alt ser det ut til å ha gått greit denne gongen, seier Mehus.

Stormflo: Høg vasstand på Stanghelle. Foto: Karl Martin Valestrand