Stengt for besøk på Modalstunet

Modalen kommune innfører nokre ekstra koronatiltak i tillegg til at ein sjølvsagt følgjer dei nasjonale retningslinene som er lagt.

Under møtet i den kommunale kriseleiing måndag vart det mellom anna bestemt at ein frarår all besøk ved Modalstunet fram til 18.januar, men unntak for besøk til personar som er i livets siste fase.

Opning av dagsenter-tilbodet vert ikkje før etter 18.januar, det same gjeld trimtilbodet for eldre.

Stansar innadørs aktivitet

Vidare heiter det at alle organiserte fritidsaktivitetar, idrettsaktivitetar, kulturarrangement og livssynsarrangement innandørs vert utsette til etter 18. januar. Dette gjeld også arrangement som gjeld barn på tvers av kohortar.

Basseng og treningsrom i Bryggjeslottet vert halde ope for einskildutøvarar. Også blioteket i Bryggjeslottet vert halde ope.

Kino kan avviklast, meinte kriseleiinga, men her har Bygdekionoen sjølv avlyst framsyninga som skulle vore på Mo tysdag i neste veke.

Normal skulekvardag

— Elles har eg vore i kontakt med rektor på Mo skule, og her går skulekvardagen som normalt. Ungdomstrinnet har innført såkalla raudt nivå, der avstandskrava mellom elevane er blitt skjerpa. Med få elevar som me har i Modalen, så skal dette ikkje vera noko problem å overhalda, seier Tømmerbakke.

Vaksinering

Også Modalen har fått sine første vaksinedosar som vert sette denne veka. Kommunen har i første omgang fått fem dosar, og desse er det bebuarar på Modalstunet som skal få.

— Det er ikkje nok til alle i første omgang, men dette ordnar seg når me får nye dosar i neste veke, seier rådmannen.