STAMNES SKULE: Etter ei massiv testing av barn og vaksne som har tilknyting til Stamnes skule, er det no klart at det berre er ein vaksen som var smitta.

Ingen fleire positive koronatestar på Stamnes

Stamnes skule opnar igjen måndag 21. september.

Vaksdal kommune melder fredag at alle testane som vart tekne av born og vaksne med tilknyting til Stamnes skule, er negative.

— Alle som er testa på Stamnes skule har fått svar på prøvane sine, og ingen fleire er positive. Siste dag i karantene for dei er ut dagen i dag, fredag 18. september. Stamnes skule opnar igjen på måndag 21. september, heiter det meldinga.

Det var søndag at ein tilsett ved Stamnes skule fekk påvist koronasmitte. Dette tilfellet har vist seg å vera det einaste. Også personen ein frykta kunne vera smitta, som hadde ein nær relasjon til den smitta, viste seg å testa negativt.

Har testa positivt på korona

Massetesting ved Stamnes skule

Mange har fått negative prøvesvar