Fredag kveld melde Vaksdal kommune at det ikkje er fleire smitta enn dei fire som tidlegare er melde om.

Ingen fleire smitta fredag

Fredag kveld melde Vaksdal kommune at alle prøvesvar som var komme fredag ettermiddag og kveld, var negative.

Med det er status fredag kveld at fire personar i Vaksdal kommune er smitta av covid-19.

— Me har i kveld motteke mange prøvesvar. Det er ingen fleire som har testa positivt, heiter det i meldinga frå kommunen.

Det vert vidare opplyst at mange av dei som har vore i ventekarantene no har fått beskjed om at dei ikkje lenger er i karantene.

— Me ventar framleis på fleire prøvesvar, og vil komma tilbake med ny informasjon så snart det er noko å melda, skreiv kommunen seint fredag kveld.

Les også
Det fjerde smittetilfellet er registrert i Vaksdal
Les også
Ei spennande helg i høve smittesituasjonen