Ingen nye smittetilfelle

Kommuneoverlege Ole M. Thorseth opplyser onsdag morgon at det ikkje er registrert fleire smittetilfelle etter ei omfattande testing dei siste dagane. (Arkivfoto)

Smitteutbrotet som starta i Vaksdal kommune sist veke, kan sjå ut til å ha blitt stoppa tidleg gjennom effektive tiltak.

Fem personar har fått påvist covid-19 sidan onsdag i sist veke. Det siste smittetilfellet vart registrert søndag.

Om lag 80 personar testa seg ved teststasjonen i Dalehallen måndag denne veka. Kommuneoverlege Ole M. Thorseth fortel at ein hadde fått svar på dei aller fleste prøvane i løpet av tysdagen, og at dei onsdag morgon framleis venta på nokre få prøvesvar.

— Det er ikkje oppdaga noko smitte blant dei prøvesvara me har fått, stadfestar han onsdag morgon.

Kommuneoverlegen fortel vidare at dei òg ventar på prøvesvar av nokre som testa seg på tysdag.

— Men det er ikkje i samband med utbrotet sist veke, legg han til.

Totalt har det no blitt registrert 46 tilfelle av koronasmitte i Vaksdal.