Det er tatt mange koronatestar i Dalehallen dei siste dagane. Resultata har fredag og laurdag gledeleg nok berre vore negative.

Ingen positive prøvesvar laurdag

Laurdag kveld melder Vaksdal kommune at ingen fleire har fått påvist covid-19 i løpet av laurdagen.

— Me har i løpet av laurdag motteke fleire prøvesvar, og ingen fleire har testa positivt på covid-19, opplyser kommunen.

Dermed er det framleis fire personar som er smitta i kommunen i dette utbrotet.

— Dei som er ute av ventekarantene har fått melding om dette. Me ventar framleis på fleire prøvesvar. Kommunen vil komma tilbake så snart me har ny informasjon, går det fram av meldinga.

Fredag ettermiddag sa kommuneoverlege Ole M. Thorseth at han var spent på om ein klarte å stoppa smitteutbrotet i Vaksdal kommune,

— Me ventar mange svar utover fredagen og resten av helga. Når svara frå dei desse testane føreligg, vil me vita meir om me har lukkast med å lukka ned dette utbrotet, sa Thorseth.

Les også
Ingen fleire smitta fredag
Les også
Ei spennande helg i høve smittesituasjonen