Innhaldsrik yrkesmesse i Turbinen

Yrkesmessa i Turbinen var godt besøkt. Foto: Esben Hesjedal

Elevar, foreldre og lokale bedrifter var samla til yrkesmesse i Turbinen torsdag sist veke.

Tidlegare har messa vore berre for avgangselevane på ungdomstrinnet. Men denne gongen var både 9.- og 10.-klassingane med på messa, og saman med foreldre gjorde dette at fleire enn før deltok. Også på utstillarsida var det fleire enn tidlegare, og lokale bedrifter fekk profilert seg for potensielle medarbeidarar i framtida.

Møllebedriftene var mellom dei som hadde stand på yrkesmessa. Foto: Esben Hesjedal

Rådmann og ordførar

Først var det ein felles informasjonsdel, der ordførar Hege Eide Vik og rådmann Atle Fasteland hadde ordet.

— De elevar står no framfor det første store valet de skal gjera. Det kjem fleire store val i livet, men hugs at det alltid er mogleg å snu og at ein alltid er velkommen tilbake til Vaksdal kommune dersom ein reiser ut, sa Eide Vik, som fortalde om si tid i Oslo, før ho fann vegen tilbake til heimkommunen igjen.

Ho oppfordra elles foreldra til å senda eit abonnement på lokalavisa med dei unge som reiser vekk for å utdanna seg.

— Eit supertips er å ha eit studentabonnement på lokalavisa. Då held ein kontakten med heimstaden på ein fin måte. Det rare var at også dei eg budde med i Oslo fatta interessa for lokalavisa mi, smilte ordføraren.

— Me treng dykk

Ho avslutta med å oppfordra dei unge til å komma med innspel for korleis Vaksdal kommune kan bli ein endå betre kommune å bu i.

— Me som kommune treng dykk, me treng faktisk akkurat deg. Fordi de alle har så mykje å bidra med. Me ønskjer råd og innspel, og høyrer gjerne frå dykk anten det er no eller seinare, sa Eide Vik.

Rådmann og rektor

Rådmann Atle Fasteland har lang erfaring frå skuleverket, og fortalde at han 18 gongar tidlegare som rektor har sagt «lukke til vidare» til avgangselevar.

— Det som er viktig å hugsa, er at de no snart skal velja retning for utdanning. De skal ikkje velja jobb. Kva de kjem til å jobba med i framtida, er det ingen som i dag veit. På vidaregåande skaffar de dykk eit grunnlag, og ein generell regel å ta med seg er at det alltid lønnar seg å stå på, sa Fasteland mellom anna.

Gode råd

Både rådmannen og rektoren, og den tidlegare musikklærar og no ordføraren, fengja ungdommen med sine innlegg. Det kunne to av avgangselevane, Ingeborg Audestad og Thea Frotveit, stadfesta etterpå.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Dei hadde begge gode råd til oss, og rådmannen var jo morosam. Det var faktisk ikkje kjedeleg i det heile å høyra på dei, smilte dei to vaksdalsjentene.

Forutan ein tur nesten til taket i klatreselane på BKK-standen, hadde dei besøkt mange ulike bedrifter.

— Klatringa med BKK var veldig spennande. Elles har me fått eit bra innblikk i kva yrke som finst i Vaksdal kommune. Eg hadde aldri trudd at det var så mange yrke å velja i, sa Ingeborg.

Kanskje elektrikar

Elevane fekk råd på standane. Frå venstre Johannes Bergo, Knut Anders Boge Fotland hjå Sæterdal Elektro og Sigve Øvstedal. Foto: Esben Hesjedal

Også elevane frå Eksingedalen var på plass i Turbinen. Johannes Bergo og Sigve Øvstedal, som begge går i 9. klasse, syntest det var interessant på vera på yrkesmessa. Standen til Sæterdal Elektro stoppa dei ekstra lenge ved.

— Me har ikkje bestemt oss for kva utdanning eller yrke me skal gå for, men har fått nokre gode idear. Mellom anna snakka me med dei som stod på Sæterdal Elektro sin stand. Å bli elektrikar er absolutt noko som er verd å tenkja meir på, meinte dei to eksingedølane.

For Knut Anders Boge Fotland, lærling hjå Sæterdal Elektro, snakka varmt og mykje om moglegheitene innan elektrikarfaget.

— Eg har gått eit halvt år som lærling, og trivst verkeleg godt. Det er eit kjekt miljø og spennande oppgåver. Etter to år på skule kan ein gå ut som lærling. Som lærling får ein løn og ei fin innføring i yrket, og etter 2,5 år så kan ein ta fagprøve som montør. Eg kan verkeleg anbefala dykk å gå denne vegen, og Sæterdal Elektro er veldig flinke til å ta inn nye lærlingar så det er berre å søkja, slo Fotland fast.