Innskjerping knytt til besøk på institusjonane

Vaksdal kommune innskjerpar reglane for besøk ved Vaksdal sjukeheim (biletet) og Daletunet. (Arkivfoto)

Vaksdal kommune melder måndag om justering av reglane for besøk på Daletunet og Vaksdal sjukeheim.

— Grunna utbrotet av den engelske virusmutasjonen på Austlandet innskjerpar Vaksdal kommune reglane knytt til besøk på institusjonane våre. Har du vore i, eller hatt besøk frå nokon som kjem frå dei nedstengde kommunane, kan du ikkje komma på besøk på institusjonane våre utan negativ koronatest, lyder meldinga frå kommunen.

Det vert vidare understreka at kommunen framleis har eigne rutinar for besøk til kritisk sjuke og døyande personar.

For å følgje med på kva kommunar dette gjeld til ei kvar tid, sjekk nettsida til Regjeringa.