Geir Karstensen og Bjørn Tore Myrvold er mellom dei som står bak når Dale og Stanghelle IL laurdag inviterer til bruktmesse i Turbinen.
Geir Karstensen og Bjørn Tore Myrvold er mellom dei som står bak når Dale og Stanghelle IL laurdag inviterer til bruktmesse i Turbinen. Foto: Esben Hesjedal

Inviterer til bruktmesse i Turbinen

Dale og Stanghelle IL har gått saman om å arrangera ei bruktmesse i Turbinen laurdag 5. oktober.

Ein ønskjer at folk skal leita fram både klede, sko og ulike former for sportsutstyr som ein ikkje har bruk for og så by det fram på messa.

Brukt er i vinden

– Dette med bruktmarknad er i vinden for tida, og me ønskjer å leggja til rette for at folk både skal kunna få rydda litt i skuffer og kjellarar, men også at ein skal kunna skaffa seg sportsutstyr og treningsklede for ein billig penge, seier Bjørn Tore Myrvold i Dale IL.

Han er ein av dei som står bak initiativet, som idrettslaga på Stanghelle og Dale samarbeider om.

Styrer alt sjølv

Tanken er at folk som har varer å by fram, får eit bord i Turbinen og lagar seg ei lita salsstand. Her styrer seljarane det heile sjølv og bestemmer prisen på varene. Skulle ein ønskja å gje vekk noko gratis, er også dette mogleg.

– Det ein ikkje har nytte av sjølv, kan vera akkurat det som andre treng. Me er opne for at folk kan ta med seg det meste, seier Myrvold.

Geir Karstensen i Dale IL er også involvert i messa.

Resirkulering

– For det første er det kjekt at det skjer noko, og me håpar at det kjem mest mogleg folk, både dei som vil selja, men også dei som ønskjer å kjøpa. Eg er heilt sikker på at ein kan gjera gode kjøp på messa, og i tillegg til å spara pengar, så er det heile også miljøvenleg. Ting som fungerer heilt fint og er tatt godt vare på, treng ikkje vera nytt. Me kjøper alle meir enn nok i vanlege butikkar. Å resirkulera litt mellom folk som driv med idrett, er berre positivt, meiner Karstensen.

eh@vp.no