FØRSTE PERIODE: K5-utbygginga er inne i første 6-årsperiode av Nasjonal Transportplan som vart vedteken denne veka. Her planane for Helle. Foto: Ill: Statens vegvesen

K5 i første periode, men ikkje veg og bane samstundes

Denne veka vart Nasjonal Transportplan (NTP) vedteken, med både godt og mindre godt nytt når det gjeld framdrifta av den nye ferdsleåra for veg og jernbane frå Arna til Stanghelle.

I all hovudsak vart regjeringa sitt framlegg til NTP vedteke. Det vil seia at K5-prosjektet ligg inne i den viktige første 6-årsperioden i planen. Det er prosjekt her ein kan forventa at vert realiserte.

Veg før jernbane

I den vedtekne planen har vegdelen, ny E16 mellom Arna og Helle, oppstart først. Det er vegen mellom Arna og Trengereid som det er planlagt å starta med. Oppstart har vore planlagt i 2024, dersom planarbeidet er komme langt nok og dersom Stortinget løyver pengar tidleg nok.

Fleire parti på Stortinget har jobba for at veg og bane må få oppstart samstundes. Dette har også prosjektleiinga som planlegg utbygginga påpeika vil vera ein stor fordel.

Nedstemt

SV-leiar Audun Lysbakken opplyser til VP at under handsaminga i Stortinget fremja Senterpartiet og SV forslag der Stortinget ber regjeringa syta for at K5-prosjektet Arna-Stanghelle må ha samstundes oppstart for jernbane og veg, seinast i 2024, og at det vert sikra nok midlar til denne oppstarten i statsbudsjettet for 2022 og 2023.

— Dette forslaget fekk ikkje fleirtal. Berre representantane frå SV, Senterpartiet, MDG og Raudt stemde for forslaget, fortel Lysbakken.

K5: Sp og SV sitt K5-framlegg vart nedstemt i Stortinget, opplyser SV-leiar Audun Lysbakken. Her saman med varaordførar og partifelle Kjartan Haugsnes på Vaksdal denne veka.
Les også
Framleis kamp for K5

— Grønt lys for det meste

Av ei pressemelding frå samferdsleminister Knut Arild Hareide (KrF) går det fram at Stortinget har ferdigbehandla ny NTP.

— Regjeringa fekk grønt lys for så godt som alle forslag som låg i NTP-forslaget. Vi har laga ein NTP som ser heile landet, tar klima- og trafikktryggleik på alvor og gjev meir transport for fellesskapet sine midlar, melder Hareide.

NTP: Samferdsleminister Knut Arild Hareide (KrF) er godt fornøgd med at regjeringa sitt framlegg til NTP i all hovudsak vart vedteke i Stortinget. (Arkivfoto)

— Ambisiøs og realistisk

Etter ei grundig behandling i Stortinget er fasiten klar:

— Det var 372 forslag frå Stortinget om endringar, nesten ingen fekk fleirtal. Regjeringa vil dermed styra etter planen slik den i all hovudsak vart lagt fram i mars. Vi la fram ein plan som var både ambisiøs og realistisk — ein plan med store og viktige nye grep. Debatten i etterkant viser at svært mange er einig i kravet som vi no stiller til oss sjølve og til alle aktørar i samferdsle-Noreg: Meir transport for pengane. Vi har ein NTP som vi kan tru på og som det i praksis er fleirtal for på Stortinget, heiter det i meldinga frå samferdsleministeren.