LOVAR KAMP FOR K5: Stortingspolitikar Helge André Njåstad har vore på fleire K5-besøk i Vaksdal, her på Stanghelle. (Arkivfoto)

— K5 kjem

Prosjektleiinga for K5 — ny veg og bane Arna-Stanghelle, ventar på godkjenning av styringsmål medan ein uttrykkjer uro om ein rekk planlagt oppstart i 2022. På Stortinget bur vestlandspolitikarane seg til kamp for milliardprosjektet. Ein av dei er Framstegspartiet sin Helge André Njåstad.

Den tidlegare Austevoll-ordføraren har vore på fleire K5-turar til Vaksdal, mellom anna i tida då partiet hans sat i regjering og hadde samferdsleministeren.

— Ny veg og bane mellom Arna og Stanghelle er viktig, og den skal me ha inn i Nasjonal Transportplan neste år, seier ein overtydd Njåstad.

Har satsa

Han og partiet hans er etter at Frp gjekk ut av regjeringa blitt kritisert for ikkje å ha gjort nok for prosjektet medan dei var i posisjon.

— Om me har gjort nok veit eg ikkje, me har i alle fall gjort mykje, seier Njåstad, og legg fram tal som viser at ein har brukt over 240 millionar kroner planlegginga av K5 dei siste fire åra.

— Me har også fått kritikk for at me har løyvd lite til vedlikehald, investering og rassikring på eksisterande E16 mellom Bergen og Voss. Tal eg har fått frå samferdsleministeren viser at den borgarlege regjeringa har brukt nesten 800 millionar kroner til slikt dei siste seks åra. Til samanlikning så har dei som sat med makta dei sju føregåande åra brukt om lag 200 millionar kroner, seier Njåstad.

Skal satsa

— Men uroa no omkring styringsmålet, og det at både statsministeren og andre vestlandspolitikarar snakkar fram Hordfast som eit vel så viktig prosjekt som ny veg og bane Arna-Stanghelle, har skapt lokal uro for K5?

— Hordfast er viktig den også, og både den og K5 skal me ha inn i den nye nasjonale transportplanen. Men, det vert ein kamp for å få dette til, for kampen om midlar er knallhard mellom anna frå mange store og tunge prosjekt austom. Men K5 skal me få realisert, argumenta er svært gode og Stortinget kan ikkje venda ny veg og bane Arna-Stanghelle ryggen no, meiner Helge André Njåstad.