NY E16: Oversiktskart der veglinja for nye E16, som går i tunnel bak Stanghelle og kjem på Helle, er innteikna. (Alle illustrasjonar: Statens vegvesen)

K5-plan til departementet

Statens vegvesen og Bane NOR har no oversendt forslag til reguleringsplan for E16 og Vossebanen Arna-Stanghelle (K5) til Samferdselsdepartementet for sakshandsaming. Planen kjem truleg på høyring i februar.

I ei melding frå Statens vegvesen heiter det:

— Det er svært gledeleg at vi har nådd denne milestolpen for eit stort og viktig prosjekt det er knytt høge forventingar til. Førre veke hadde vi eit innleiande møte med Samferdselsdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet som er planmynde, seier prosjektleiar Gunnar Søderholm.

VAKSDAL: K5 slik vaksdalsbygda og Vaksdal kommune ønskjer at den skal bli bygt, med berre jernbane som kjem ut i sentrum (biletet). Ny E16 kjem i dette forslaget ut i Tolåsen.

Offentleg høyring av reguleringsplanen

Kommunal- og moderniseringsdepartementet vil no gå igjennom forslaget til reguleringsplan, med sikte på å vedta utlegging til offentleg gjennomsyn (høyring) truleg i februar 2021. Planen vil liggja på høyring i minimum 6 veker. Statens vegvesen vil ha eit nytt arbeidsmøte med begge departementa i januar.

VAKSDAL: K5 slik vaksdalsbygda og Vaksdal kommune ikkje ønskjer at den skal bli bygt med både veg og jernbane i sentrum.

Nasjonal transportplan

Prosjektet er eit fellesprosjekt med Bane NOR, og planprosessen blir gjennomført som statleg reguleringsplan. Det er forventa at endeleg reguleringsplan kan bli vedteke medio 2021.

Prosjektet er prioritert i Statens vegvesen sitt forslag til Nasjonal Transportplan (NTP) 2022—2033.

NY E16: Framlegget om å la nye E16 komma ut i tunnel på Helle, til høgre for Lågaskarstunnelen på illustrasjonen, er eit nytt forslag som er teke inn i det endelege planutkastet.