Kallestadvegen opnar truleg for bilar måndag

Slik såg det ut i rasområdet ved Kallestadvegen torsdag. Foto: Torstein Mehus

Først måndag reknar ein med at bilar kan passera rasstaden på den kommunale Kallestadvegen i Stamnes. Men fredag ettermiddag håpar ein å opna for gåande.

Det er Torstein Mehus i Vaksdal kommune som torsdag ettermiddag opplyser dette til VP.

Laurdag 15. februar gjekk et eit større ras i Storevika like ved Kallestadsundet bru. Raset stengde både fylkesvegen til Toskedalen og den kommunale vegen nede ved fjorden til Kallestad. Måndag kunne fylkesvegen opnast. Så tok arbeidet med å rydda og utbetra Kallestadvegen til.

— Fri ferdsel for bilar vert det nok ikkje her før utpå dagen måndag. Det står framleis att ein del arbeid som vil ta litt tid, mellom anna skal det leggjast ned røyr i grunnen og køyrast til massar. Entreprenøren blir nok ikkje ferdig med alt arbeidet fredagen slik at ein får køyrbar veg, seier Mehus.

Men ein har som mål å opna for fotgjengarar på rasstaden fredag.

— Slik det ser ut no, så skal me klara leggja til rette for gåande fredag ettermiddag. Det vert ikkje jobbing i helga, og så vil ein bruka måndagen til jobba slik at bilar kan passera, truleg måndag ettermiddag. Men heilt sikre kan ein ikkje vera med slikt arbeid, seier Mehus.