UTVIDAR BESØKSORDNINGA: Frå i morgon av kan bebuarar med langtidsplass på Daletunet (biletet) og Vaksdal sjukeheim ha daglege besøk.

Kan ta imot daglege besøk på sjukeheimane

Det vert opna for meir besøk på sjukeheimane frå i morgon ettermiddag, torsdag 18. februar. Frå då av kan dei som har langtidsplassar ta imot besøk kvar dag.

Fram til no denne veka har det berre vore tillate med to besøk pr. veke til bebuarane på sjukeheimane i Vaksdal. På møtet i kommunal kriseleiing i dag, onsdag, vart dette endra for dei med langtidsplass. Bebuarar med korttidsplass kan framleis berre få to besøk i veka.

— Strengare enn Bergen

— Kvifor skal det vera strengare besøksreglar i Vaksdal enn i Bergen? har pårørande som har kontakta VP spurt.

VP sende spørsmålet vidare til rådmann Atle Fasteland, og han lova å ta dette opp på KKL-møtet i dag.

— Kan få meir besøk

Etter at det møtet var avslutta tidleg onsdag fortalde han at ein har bestemt seg for å lempa på tiltaka frå i morgon.

— Frå torsdag ettermiddag vert det tillate med meir besøk på sjukeheimane. Korleis den nye ordninga blir, vil det verta informert om til innbyggjarane i Vaksdal kommune gjennom dei vanlege kanalane, sa Fasteland tidleg onsdag.

Den nye ordninga

Litt seinare på onsdagen kom så meldinga om korleis ein skal praktisera den nye ordninga:

Frå i morgon, torsdag 18. februar kl 15.00, kan me ta i mot meir besøk på institusjonane våre.

Me vil ha ulike ordningar for pasientar på langtidsplass og korttidsplass grunna smittevern og vaksinering.

Dersom du bur i ein kommune eller eit område med mykje smittetrykk, ber me deg om å ikkje komme på besøk inntil vidare. Unnatak er om du kan vise til negativ test på Covid-19, der svaret ikkje er eldre enn 2 døger.

Besøk må, som før, avtalast med institusjon i forkant, og det er framleis viktig å overhalde smittevernreglane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bebuarar med langtidsplass kan no ta imot:

Daglege besøk av to personar samstundes, inntil fire ulike personar i løpet av ei veke.

Bebuarar med korttidsplass kan ta imot:

Inntil to besøk pr veke, av to personar samstundes, inntil fire ulike personar pr veke.

Me har framleis eigne tilrettelagte besøksrutinar til alvorleg sjuke og døyande.