IKKJE ALLE VERT TESTA: Berre utvalde grupper blir testa for koronasmitte no. Foto: Illustrasjonsfoto

Kan vera fleire koronasmitta i Vaksdal

Sju nye personar i Vaksdal kommune har testa negativt på koronasmitte. Men fordi folk flest ikkje blir testa, kan fleire vera smitta utan å vita det.

Nyleg vart sju personar som jobbar som helsepersonell i Vaksdal testa for koronasmitte, men testane var negative. Det opplyser Kommuneoverlege Ole M. Thorseth til VP søndag.

— At dei ikkje er smitta betyr at helsepersonellet kan gå på jobb igjen. Mange av dei har vore i karantene den siste tida, seier Thorseth.

Færre blir testa

Vaksdal følgjer Folkehelseinstituttet sine retningslinjer for testing av koronasmitte, og testar no berre pasientar med behov for innlegging, pasientar/bebuarar i helseinstitusjonar, tilsette i helsetenesta med pasientnært arbeid, personar over 65 år som har underliggjande, kronisk sjukdom og personar som har vore i nærkontakt med stadfesta tilfelle av koronasjuke.

Kan bli smitta i Vaksdal

Det betyr at ein kan vera smitta med koronaviruset utan å vita det.

— Folk flest som har ein infeksjon skal halda seg heime til eit døger etter dei er friske. Dersom ein er frisk skal ein halda avstand på to meter når ein er i butikken eller går tur.

— Ring koronatelefonen

— Så ein skal ikkje melda seg om ein har ein luftvegsinfeksjon?

— Dersom ein er forkjølt eller har lett influensa skal ein ikkje belasta legekontoret, men ein kan ringja koronatelefonen som er godt bemanna. Der kan få svar på om ein lurar på noko.

Thorseth seier at årsaka til at ikkje alle blir testa har med kapasitet og testprosedyre å gjera.

— Både testutstyret og smittevernutstyret blir rasjonert, seier Thorseth.