DIGITALSEMINAR: Onsdag 20. januar vert Stanghelle-seminaret avvikla. (Ill: stanghelleseminaret.no)

Sjå sendinga frå Stanghelleseminaret

Onsdag morgon, frå klokka 08.00 til 09.45 vart det digitale Stanghelleseminaret arrangert. Etter tekniske problem i starten, fungerte streamen og ein kan også i ettertid sjå sendinga ved å klikke på lenka under:

Følg Stanghelleseminaret her:

Seminaret er delt mellom Bergen og Oslo. Innleiarane er samla på hotell Terminus i Bergen, medan Harald Stanghelle leier seminaret, som skal handla om K5 Arna-Stanghelle, frå Oslo. Her vil også stortingspolitikarar delta frå.

Hotell Terminus

Arrangøren, Vaksdal kommune og Vaksdal Næringsselskap, har leigd tre rom/salar på Terminus. Her vil innleiarar vera på eitt rom, formannskapet i Vaksdal og gjester på eitt rom og eitt rom for pressa. Dette i høve smittevernreglane.

Innleiing, spørsmål og diskusjon

— Ordførar Hege Eide Vik, Vaksdal kommune, ynskjer velkomen, Harald Stanghelle innleier og Gunnar Søderholm, prosjektleiar Statens vegvesen, orienterer om status i prosjektet.

Deretter vert det innlegg frå fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland, og ordførarane Marte Mjøs Persen, Bergen, Hans-Erik Ringkjøb, Voss og Hege Eide Vik, Vaksdal.

Innlegg skal også dagleg leiar i Forum nye Bergensbanen, Hilde Magnussen, ha, før Harald Stanghelle skal samanfatta det heile og leia deltakarane inn i eit ordskifte med høve både til spørsmål og innlegg, går det fram av ei melding frå arrangørane.