Klassequizen blir avlyst

Dale sitt lag gjekk vidare frå fylkesfinalen i Klassequizen, som sist veke vart arrangert i Bergen. Her laget i aksjon, frå venstre Nora Teksum-Roe, Thea Frotveit og Mads Helle. (Foto: NRK)

NRK melder at Klassequizen dessverre vert avlyst for vidare konkurransar denne våren som ei følgje av koronaviruset. Dermed får laget frå Dale barne- og ungdomsskule ikkje delta i den TV-sende finalen i Oslo.

— Dette er ei avgjerd NRK har komme til med bakgrunn i korleis denne situasjonen har utvikla seg. Dette er frykteleg trist, og aller mest trist for alle dei 10.-klassingane i heile landet som no var klare for vidare konkurransar i studio på Marienlyst. Men faren for smitte og vidare smittespreiing blant både deltakarar, folk som var med deltakarane, bemanning i NRK og andre gjester, var rett og slett for stor, heiter det i ei melding frå NRK.

Dale og Kinsarvik best i fylket

Laget frå Dale barne- og ungdomsskule, saman med Kinsarvik skule, utkonkurrerte alle skulane i fylket, og kvalifiserte seg for finalesendingar i Oslo.

Laget bestod av Thea Frotveit, Mads Helle og Nora Teksum-Roe, med Regine Kydland som reserve.

Vurderte alternativ

NRK opplyser at andre alternative løysingar har blitt vurderte, både digitale og nettbaserte, men ingen som gav den tryggleiken ein ville ha for å kunna gjennomføra.

— NRK ønskjer jo å gje alle deltakarane så like og rettferdige føresetnader som mogleg. Dei løysningane ein såg på gav ikkje dette.

I år var det over 580 skular med. No var 36 lag klare for å samlast i studio i Oslo til dei siste rundane.

— NRK må no jobba fram mot neste sesong, og satsar på å gjennomføra ein flott konkurranse då.