annonse

Kolliderte på Vaksdal

ULUKKE
ULUKKE: To bilar var involvert i ulukka laurdag. (Foto: Vaksdal Brannvern)

To bilar var laurdag involvert i ei trafikkulukke på E16 ved avkøyringa til Vaksdal.

Esben Hesjedal

Politiet melde klokka 12.21 at to bilar hadde støytt saman ved avkøyringa til Vaksdal.

– Naudetatane er på veg til staden. Så langt er det opplyst at ein person har smerter i ei hand/arm. Det var kun førar i dei to bilane, opplyste politiet.

Brede Tjønneland i Vaksdal Brannvern fortalde i 13-tida at det er mogleg å passera dei to bilane, og at mannskap frå brannvernet dirigerer trafikken på staden i påvente at politi skal komma.

Politiet opplyser klokka 13.16 at ambulanse har teke dei to bilfarane til Voss legevakt for sjekk, og at det ikkjje er nemnt andre skadar enn i ein arm.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.