ULUKKE: Naudetatane rykka torsdag ettermiddag ut til ei trafikkulukke i Kjenestunnelen. Foto: Vaksdal brannvern

E16 open etter kollisjon i Kjenestunnelen

To bilar var innblanda i ei trafikkulukke i Kjenestunnelen på E16 mellom Boge og Langhelle torsdag ettermiddag. Fire personar er involvert, det er ikkje meldt om personskade.

Både Bogetunnelen og Langhelletunneler var stengt ein periode i samband med ulukka, som skjedde litt etter klokka 16.

Fire personer og to biler skal vera involvert i ein front mot front kollisjon, lydde første meldingane. Det var ikkje tilfelle får VP opplyst hjå redningsmannskap på staden.

– Bilane har sneia bort i kvarandre, hadde det vore front-mot-front kunne dette fort gått mykje verre.

Det er ikkje meldt om personskade. Alle er ute av kjøretøya, lyder meldinga frå 110-sentralen.

E16 var stengt i begge retningar mellom Vaksdal og Trengereid. Litt etter klokka 17.30 opna vegen att.

KOLLISJON: Det var to bilar og fire personar involvert i ulukka. Det er ikkje meldt om personskade. Foto: Vaksdal brannvern