Kommunepsykolog Cathrine Louise Leikanger gjev råd om korleis ein kan forhalda seg til frykt i desse koronatider. Foto: Vaksdal kommune

Kommunepsykologen gjev råd om koronatida

Struktur på dagen, dagleg dose med dagslys, fysisk aktivitet og ha sosial kontakt er blant dei nasjonale råda som kommunepsykologen i Vaksdal tilrår folk å følgja.

I eit innlegg på Dale helsestasjon si Facebook-side gjev kommunepsykolog Cathrine Louise Leikanger råd til folk i Vaksdal i samband med koronasituasjonen. Råda er basert på nasjonale helseråd i koronasituasjonen, og råd frå Klinikk for krisepsykologi Bergen.

— I denne perioden vil kvardagen endra seg for dei fleste av oss. Mange av oss har heimekontor, sit i karantene eller i heimeisolasjon. Me er tilrådd å halda oss så mykje heime som mogeleg, skriv ho.

Leikanger er oppteken av det for mange blir opplevd som ein krevjande situasjon.

— Det er vanleg å verta stressa, bekymra, trist og einsam. Mange blir mindre aktive, et mindre regelmessig og søv meir eller mindre enn normalt. For dei fleste vil denne perioden gå greitt, og eventuelle psykososiale reaksjonar vil vera forbigåande.

Tek samfunnsansvar

Leikanger kjem med følgjande råd:

1) Vit at ein tek samfunnsansvar.

— Å måtte halda seg mest mogeleg heime vil for mange bli opplevd som et stort inngrep i den personlege fridomen. Hugs at du er med på å ta samfunnsansvar og at me alle er ein viktig del av arbeidet med å bremsa smitten.

2) Hald deg oppdatert på nyheitsbilete, men ikkje bruk for mykje tid på dette.

Leikanger skriv at å via for mykje tid til nyheitsoppdateringar kan føra til auka bekymring.

— Nytt deg også av pålitelege kjelder som Folkehelseinstituttet og Helsenorge sine nettsider.

Artikkelen held fram under annonsen.

Få dagslys

3) Lag struktur på dagen.

Ho meiner at det er viktig å skapa seg nye rutinar når vanlege rutinar forsvinn.

— Prøv å halda ein normal døgerrytme, i tillegg til å finna tidspunkt for måltid. Finn gode måtar å gjera arbeidet ditt på dersom du jobbar heime eller går på skule. Aktiviser deg gjerne gjennom hobbyar.

4) Få daglege dosar med dagslys og fysisk aktivitet.

Leikanger skriv at dagslys hjelpar på å halda på døgnrytmen.

— Fysisk aktivitet verkar positivt inn på humør, søvn og psykisk helse. Ved uteaktivitet, følg Folkehelseinstituttet sine retningslinjer.

FaceTime og telefon

5) Hald sosial kontakt.

Psykologen skriv at sosial kontakt med andre er viktig for å ha det bra.

— Lag gjerne avtalar med familie, venar og kollegaar om å ringjast eller snakka på FaceTime. Bruk gjerne sosiale medium til å halda kontakten gjennom dagen.

Råd til dei som slit

For dei som slit psykisk vil denne perioden kunna føra til ekstra vanskar.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Mange har fått behandlingstilbod avgrensa eller har enda ikkje oppretta kontakt med behandlingsapparatet. Tiltaka i samfunnet kan gjera det vanskelegare å nytta seg av dei meistringsstrategiane ein elles har til hjelp, særleg dersom ein er i karantene eller i heimeisolasjon.

— Ta kontakt med helsepersonell

Ho har også råd til dei som slit psykisk frå før.

1) Prøv å halda deg til den vanlege behandlingsplanen.

Ho rår til å ta kontakt med behandlar eller anna helsepersonell dersom ein har spørsmål.

— Dette er spesielt viktig dersom ein kjenner at den psykiske helsetilstanden blir verre.

2) Ta i bruk dei meistringsstrategiane som har hjelpt før.

— Dersom dei ikkje let seg gjennomføra på grunn smittetiltaka kan du prøva å finna alternativ. Kontakt behandlar dersom ein treng hjelp til dette, skriv Leikanger.

— Sett opp bekymringstid

3) Utset bekymringane

Ho skriv at det er normalt å bekymra seg for sin egen helsestatus.

— Dersom du kjenner at bekymringar tek opp mykje tid, kan du prøva å kontrollera dei betre. Distraher deg sjølv ved å sjå på TV, lesa bøker eller snakka med andre. Du kan også prøva å utsetja bekymringane ved å setja opp ei fast «bekymringstid». Når bekymringar oppstår utanfor dette tidsrommet kan du seia til deg sjølv «Dette skal eg tenkja på i bekymringstida, ikkje no.»

Artikkelen held fram under annonsen.

Avspenning og sjølvhjelpsprogram

4) Nytt deg av avspenningsteknikkar og sjølvhjelpsprogram

Kommunepsykologen skriv at om ein kjenner seg spent og stressa kan det hjelpa å nytta seg av avspenningsteknikkar og sjølvhjelpsprogram. Begge delar kan ein finna på nettet.