STANGHELLE SKULE: Heile Stanghelle skule er stengt måndag og tysdag.

Koronasmitte får store konsekvensar

Søndag fekk ein ny person påvist koronasmitte, og dette er sett i samanheng med Lan-arrangementet sist helg. Dette får store konsekvensar for skulekvardagen i morgon, måndag. Ved Stanghelle og Stamnes skule vert det digital heimeskule, og det same gjeld nesten heile Dale skule.

Ordførar Hege Eide Vik opplyser at det er halde møte i KKL søndag.

— Det siste smittetilfellet er knytt til Lan-arrangementet i Turbinen sist helg. Her var det mange unge samla, og det gjer at det er store konsekvensar i høve til karantene og ventekarantene, seier Eide Vik.

Smitteutbrotet starta onsdag sist veke, og den siste smitta altså den femte personen som har fått påvist covid-19.

— Alle har gjort det dei skal

Ordføraren understrekar at kommunen ikkje har noko å utsetja på smittevernreglane og etterlevinga av desse ved data-arrangementet i Turbinen.

— Både frå arrangøren si side og frå deltakarane si side er alt gjort slik det skal. Men dette er slikt som kan skje, ein er ikkje heilgardert sjølv om ein følgjer alle retningslinjer. Me har god oversikt over alle som var på arrangementet i Turbinen, og desse er varsla om kva karantene dei skal gå i, seier ordføraren.

Ho seier at ho ikkje er direkte overraska over at Vaksdal kommune fekk eit nytt smitteutbrot.

— Nei, dette viser at me ikkje er ferdige med pandemien, sjølv om me på eit vis ser enden på den. Det er viktig å framleis halda fokus på smittevernreglane, og så håpar me å få kontroll over dette utbrotet utan at det grip for mykje om seg, seier Eide Vik.,

DALE SKULE: Berre 1. og 2. klasse har normal skule på Dale måndag.

Mange i karantene

Kommunalsjef for oppvekst, Ann Kristin Bolstad, opplyser til VP at både elevar og vaksne ved skulane på Stanghelle, Dale og Stamnes no er sett i karantene eller ventekarantene.

Ved desse tre skulane skal berre 1. og 2. klasse på Dale skule skal møta på skulen måndag.

— Ved Dale skule er 3. til 8. klasse sett i ventekarantene. Dette betyr at dei ikkje skal møta på skulen måndag morgon. I tillegg må 9. og 10. klasse også vera heime, men dette er fordi det er lærarar som er i ventekarantene, seier Bolstad.

Artikkelen held fram under annonsen.

1. og 2. klasse ved skulen på Dale er dermed dei einaste klassane som har normal skuledag på Dale måndag, og for desse vert det også SFO-tilbod som vanleg.

3. - 10. klasse vil få digital heimeundervisning måndag.

— Me minner om at elevane i 3. - 8. klasse må halda seg i heime medan dei er i ventekarantene. Ny informasjon kjem måndag ettermiddag, går det fram av ei melding til foreldra.

STAMNES SKULE: Ved skulen i Sanden på Stamnes vert det ikkje vanleg skule måndag og tysdag.

Stamnes skule

Heile Stamnes skule er sett i ventekarantene

— På Stamnes vert det digital undervisning måndag og tysdag, fram til det føreligg svar på koronatestar som skal takast, seier kommunalsjefen.

Stanghelle skule

Heller ikkje ved Stanghelle skule skal elevar møta måndag og tysdag.

— På Stanghelle skule er 3. til 7 klasse i karantene eller ventekarantene, i tillegg til at den eine 1. klassen er i ventekarantene. Den andre 1. klassen, i tillegg til 2. klasse, er ikkje omfatta av karantene. Men alle klassane skal ha digital heimeskule frå måndag av, så det vil ikkje vera drift ved Stanghelle skule måndag og tysdag, seier Bolstad.

Barnehagane

Frå måndag av vil heile Vaksdal barnehage vera stengt. Før helga var nokre avdelingar sett i karantene, no gjeld dette heile barnehagen.

To avdelingar ved Stanghelle barnehage er tatt ut i ventekarantene.

Barnehagane på Dale og Stamnes har måndag normal drift.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Håpar på svar tysdag

Kommuneoverlege Ole M. Thorseth opplyser at det måndag vil vera stor testaktivitet ved teststasjonen i Dalehallen.

— Ja, då vil mange verta testa, og så håpar me å ha svar på desse prøvane i løpet av tysdag, eventuelt onsdag, seier Thorseth.

Han opplever ikkje at situasjonen er dramatisk.

— Nei, dette er verken dramatisk eller overraskande. Men i og med at smittetilfellet er knytt til eit større arrangement, så utløyser det svært mange karantenar. Ingen har gjort noko gale, ein kan sjå på dette som uflaks, seier Thorseth.

Han opplyser at mellom dei fem som er smitta sidan onsdag, er både born og vaksne.

— Så langt eg veit er det berre milde symptom hjå dei som er smitta. Ved å setja mange i karantene, håpar me å få slått ned dette utbrotet. Det veit me meir om i løpet av dei næraste dagane, avsluttar Thorseth.