Torunn Samuelsen frå Frivilligsentralen, Evy Kvamme frå Vaksdal Husflidslag og Anita Sævild håpar så mange som mogleg lagar eigen brukar på friskus.com.
Torunn Samuelsen frå Frivilligsentralen, Evy Kvamme frå Vaksdal Husflidslag og Anita Sævild håpar så mange som mogleg lagar eigen brukar på friskus.com. Foto: Kristine Næss Thorsen

Lagar arrangementsoversikt på nettet

På friskus.com kan ein finna aktivitetar, arrangement og oppdrag ein kan delta på i heile Vaksdal.

– I helse og omsorg har me halde på med dette som eit prøveprosjekt sidan i fjor. No var det på tide å invitera heile kommunen til å delta, seier Anita Sævild, kontaktperson for Friskus i Vaksdal kommune.

På dataportalen friskus.com kan frivillige lag og organisasjonar i Vaksdal leggja ut kommande arrangement, aktivitetar og oppdrag.

– Det er vanskeleg å halda seg oppdatert om alle tilboda som finst i kommunen. Me håpar at så mange som mogeleg tek i bruk portalen.

Melda seg inn

Sævild forklarar at oversikta på nettsida gjer det enklare å finna fram til noko ein er interessert i å vera med på, og enklare å rekruttera folk til å delta.

– Til dømes kan folk som har flytta til kommunen og som har lyst å bli betre kjend med folk sjå kva som skal skje framover, og folk som bur her har ei oversikt dersom dei har lyst å vera med på aktivitetar.

Eigne grupper

For å sjå dei ulike arrangementa må ein som privatperson laga ein brukar på friskus.com. Til no har mellom anna Vaksdal Frivilligsentral lagt ut at dei treng fleire natteravnar og Vaksdal Husflidlag har lagt ut fleire kurs, som kurs i å laga bunadsbelte og vevkurs.

Dersom ein er medlem av til dømes Vaksdal Husflidlag eller ein annan organisasjon, kan ein vera med i portalgruppa til organisasjonen.

– I tillegg til opne arrangement kan det også leggjast ut lukka arrangement i portalen, som berre medlemmar av dei ulike gruppene kan sjå. Til dømes kan Helsehuset på Dale leggja ut arrangement som berre er synlege for medlemmar av gruppa, seier Sævild.

Ho fortel at barn kan vera med i portalen om dei vert godkjend av føresette.

Testkommune

Ideen om portalen kjem frå Sigrid Petersson Nedkvitne som jobba i NAV på Voss. Av mangel på ein kalender med aktivitetar laga ho ei oversikt sjølv.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me vart spurt om me ville vera testkommune, slik at me kunne utvikla portalen. Etter at helse- og omsorg-sektoren har vore med i Friskus fann me ut at det var på tide med eit breiare spekter, seier Sævild.

Ho fortel at det blir workshop med frivillige lag og organisasjonar om portalen i midten av oktober.

– Dersom nokon har spørsmål er det berre å ta kontakt med meg, seier Sævild.

knt@vp.no