KLATRING: Dalegarden: Gunnar Karlsen (t.v.) og Ståle Melve etablerer ei klatrerute på Dalegarden.

Lagar klatrerute på Dalegarden

Folk frå Bergen Klatreklubb er i gang med å laga lokale klatreruter, mellom anna på Dalegarden. Sjå film nedst i saka.

I ei fjellside, like ved E16 og Dalegarden Outlet, har nokre klatrarar den siste tida jobba med å setja inn boltar. Planen er å etablera klatreruter som kan nyttast av klatrarar som fer forbi på E16.

Gunnar Karlsen i Bergen Klatreklubb fortel at dei ei tid har sett på fjellveggen ved Dalegarden Outlet & Cafe, like nedom drikkevassbassenget.

15-16-meter høg

— Når ein skal etablera slike nye klatrefelt, så må ein prøva seg litt fram og sjå korleis ein skal gjera det. Denne veggen er 15-16 meter høg, og med ein del overheng vert det ei nokså krevjande rute, fortel bergensaren.

Saman med Ståle Melve, vossing busett i Bergen, er Karlsen begeistra for å kunna etablera klatremoglegheiter så nært E16.

— Ofte må ein gå ein halvtime i naturen for å komma til ein slik klatrevegg. Her kan ein parkera ved Dalegarden Outlet & Cafe, rusla bort her å klatra og så avslutta med ein is på kafeen etterpå, smiler Karlsen.

HØG: Veggen som det skal lagast klatreløype i er 15-16 meter høg.

Kjem nok folk for å prøva

Dei to er knytt til Bergen Klatreklubb, som syter for boltane og det som skal til for å etablera nye ruter. Grunneigaren i området har gjeve dei løyve til å laga ruta.

— Når denne løypa er ferdig og sjekka, så vert den lagt inn som ei av løypene ein finn på Bergen Klatreklubb si nettside. Då kan det nok komma ein del folk for å prøva ruta. Til slik klatring må ein sjølvsagt bruka sikringsutstyr, og ein klatrar på eige ansvar, seier Melve og Karlsen.

Det skal også vera aktuelt å etablera klatreruter fleire stader i kommunen.

— Positivt

Kjell Ove Dalseid ved Dalegarden Outlet & Cafe synest det er flott med ny aktivitet rundt verksemda.

— Ja, det er berre positivt at det skjer noko, og kanskje kan det gje oss nokre ekstra kundar også. Når ein ser på den veggen der, så kan ein jo pønska på fleire moglegheiter. Til dømes hadde det vore tøft med ei zipline ned derfrå, smiler Dalseid, med eit snev av alvor i stemma.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjå film frå klatringa under: