Laksefiskarar på Skolmen. Frå venstre Eirik Straume Normann, Steffen Gullbrå og Svein Ove Gullbrå.
Laksefiskarar på Skolmen. Frå venstre Eirik Straume Normann, Steffen Gullbrå og Svein Ove Gullbrå.

Laksefiske frå gilja – slik det ein gong var

Eit knippe interesserte fekk sist søndag høve til å utforska giljefiske etter laks i Stamnes, noko som heilt fram til vår tid har vore ein viktig næringsveg i bygda.

Det var «Villaksens dag» som vart avvikla, og med båt frå Stamnes vart deltakarane frakta inn til laksegilja på Skolmen ved Vikafjorden.

Før og no

På Skolmen har ein dei siste åra drive prøvefiske, og også i år er det not i sjøen her.

Undervegs inn på den korte sjøreisa opp Bolstadstraumen til Vikafjorden, og seinare oppe på gilja, fortalde dei to lokale laksefiskarane Eirik Straume Normann og Geir Magne Gammersvik om fisket i fortid og notid.

Den første laksegilja

Med på turen var også ein kar som har monaleg lengre erfaring med slik enn Normann og Gammersvik, nemleg laksefiskeveteran Arild Steinsland.

– Flåthamn, like ved Gammersvik var den første staden det var laksegilje i Stamnes. Det var på slutten av 1800-talet. Då var ikkje strengen til å halda nota oppe komen, så då brukte dei noko ein kalla «bjørketro», småbjørker tvinna saman som dei hengde nota på. Gjekk bra det også, sjølv om eg ikkje hugsar så mykje av det, smilte Steinsland medan han forsynte seg av dei nysteikte pannekakene som giljefiskarane hadde laga til gjestene sine.

Folket lyttar når tidlegare laksefiskar Arild Steinsland (t.v.) fortel. Frå høgre Eirik Straume Normann, Torunn Sand og Frank Henriksen.
Folket lyttar når tidlegare laksefiskar Arild Steinsland (t.v.) fortel. Frå høgre Eirik Straume Normann, Torunn Sand og Frank Henriksen.
Svein Ove Gullbrå (t.v.) fortel korleis giljefisket fungerer.
Svein Ove Gullbrå (t.v.) fortel korleis giljefisket fungerer.
Eirik har teke naudsynte prøver og let den store orjen (sjøauren) få fridomen attende.
Eirik har teke naudsynte prøver og let den store orjen (sjøauren) få fridomen attende.
Geir Magne Gammersvik er imponert over restaureringa som skjer på laksegilja på Skiljaneset (i bakgrunnen).
Geir Magne Gammersvik er imponert over restaureringa som skjer på laksegilja på Skiljaneset (i bakgrunnen).
Kari Henriksen nyt båtturen opp Bolstadstraumen. Her passerer ein brua mellom Sanden og Stamnesfet.
Kari Henriksen nyt båtturen opp Bolstadstraumen. Her passerer ein brua mellom Sanden og Stamnesfet.

Begeistra deltakarar

– Detta var spennande og lærerikt. Eg er imponert over måten dette fisket har vore drive på. Litt visste me no, men mykje ny lærdom er komen til i dag, smiler Kari Henriksen, som saman med ektemannen Frank hadde teke turen frå hytta på Eidsland til Stamnes og Skolmen.

To andre som deltok var veninnene Torunn Sand frå Voss og Sigrun Sæther frå Isfjorden i Møre og Romsdal. Dei var på rundtur om Eksingedalen, og stoppa på Stamnes for å få med seg denne reisa tilbake i tid.

– Heime er me no vande med laksefiske også, men då i elvane Dette er imponerande, sitja høgt oppe i fjellsida og fiska etter laks. Nesten ikkje til å tru, seier Sigrun, etter å ha vore på besøk inne på gilja. Her fekk ein prøve laksebriller, og sjå i nota etter fisk. Det såg ein også, men laksen på veg inn smatt ut att før ein fekk drege.

– Elles driv me fiske i forskingsaugemed også i år. Og me får nokre laksar mest kvar dag, men det er lite når ein tenkjer på at me er dei einaste som har not ute, fortalde Eirik Straume Normann.

Villfisk eller rømt oppdrettslaks

På heimveg var det stopp nede ved laksemerden, der Normann fortalde om prøvefisket og viste kva ein gjorde når ein fekk laks i nota. Mellom anna tok ein skjelprøve før laksen og auren anten vart sleppt ut att, om det var ein villaks, eller at den enda sine dagar. I tilfelle var det då ein oppdrettslaks.

– Det er gledeleg lite oppdrettslaks me har fått i år, under 10 %, fortalde han.

– Må ha trua

På veg ned att Bolstadstraumen til Stamnes, gjorde Geir Magne Gammersvik, som også er leiar i Hordaland Grunneigar- og Sjølaksefiskarlag, seg nokre tankar om framtida til giljefisket etter villaks.

– På papiret ser det ikkje lyst ut. Sentrale myndigheiter vil helst satsa på elvefisket. Men me kjempar optimistisk vidare, og har trua på at me ein gong kan starta opp att med denne næringa. Ein laksefiskar må alltid ha trua, veit du, smilte han.

Skryt til Skiljaneset

Like før Stamnes passerte me gilja på Skiljaneset, der grunneigarar er i ferd med å rusta opp den gamle laksegilja.

– Fantastisk flott det dei gjer her, å ta vare på slike gamle kulturminne er viktig uansett, og det gjer eigarane her. Og dette var ein av dei beste fiskeplassane, så her er ein snart klare for å setja nota i sjøen om dette skulle bli lov att då.

– Om det skulle bli lov?

– Nei, sjølvsagt – når det blir lov, smiler Gammersvik.

ms@vp.no