PRESSEKONFERANSE: Statsminister Erna Solberg hadde fredag gleda av å sleppa nyheita om at Noreg opnar opp att denne helga. Foto: Skjermdump Foto: nrk.no

Laurdag klokka 16 er det slutt på einmetersregelen

Statsminister Erna Solberg kunngjorde på ein pressekonferanse i dag at Noreg som samfunn opnar opp att laurdag ettermiddag.

Gjenopninga inneber blant anna at dei aller fleste smitteverntiltaka blir fjerna. Det vil seia at regelen om å halde ein meters avstand ikkje gjeld lenger, og alle restriksjonar som råkar arrangement, serveringsstader og liknande blir oppheva, opplyste statsministeren.

Kravet om bordplassering på serveringsstader forsvinn også, og innsleppsstopp blir det òg slutt på.

— No kan me leva så å seia som me gjorde før pandemien ramma oss, sa Stoltenberg på pressekonferansen, men la til at korona kjem til å prega oss i fleire år framover.

Regjeringa opphevar òg innreiserestriksjonar frå EU/Schengen, Storbritannia og såkalla lilla land frå laurdag klokka 16.

Generelle råd held fram

Meir enn 90 prosent av den norske befolkninga over 18 år har no fått første dose av koronavaksinen, og ifølgje Stoltenberg vil alle desse vera fullvaksinerte om nokre veker.

Sjølv om samfunnet frå og med klokka 16 laurdag er nesten tilbake til normalen, vil generelle råd for godt smittevern, som å vaska hendene ofte og hosta i olbogen, halde fram som før. Ein må i tillegg framleis testa seg for korona dersom ein får symptom, og isolera seg viss ein blir sjuk med viruset.

Trafikklysmodellen er utgangspunkt når det gjeld smittevern i skular og barnehagar.