LOSNEOMRÅDET: Her losna steinblokka i fjellet over Bryggjeslottet. (Alle foto: Nese Media)

Laust fjell att på steinsprangstaden, Bryggjeslottet stengt

Det ligg truleg att lause steinar som må sikrast eller takast ned etter steinspranget i helga på Mo. Dette fører til at Bryggjeslottet inntil vidare er stengt for all aktivitet.

— Den førebels vurderinga viser at det inntil utfallsområdet i fjellsida er observert meir laust og oppsprekt berg, som kan rase ut og som må undersøkjast nærare, heiter det i ei melding frå Modalen kommune.

Førebels sjekk med drone

Vidare heiter det at teknisk etat har teke imot ei førebels vurdering av skredhendinga bak Bryggjeslottet, tinga av NVE på førespurnad frå kommunen. Vurderinga er utført ut frå tilsendt dronemateriale frå Nese Media.

— NVE har etter motteke melding om raset hatt løpande dialog med teknisk sjef i Modalen kommune, Vest politidistrikt og NGI, med sine utøvande geologar, heiter det i meldinga.

STEINSPRANG: Merke i fjellsida viser kor bloka har rasa nedover mot Bryggjeslottet.

— Fjellsida bør synfarast av skredkunnig

NVE har kome med følgjande tilrådingar i det vidare arbeidet:

1. Fjellsida bør synfarast av skredkunnig med representant frå fjellsikringsfirma for å avklara behov for reinsk av laust berg.

2. Synfaringa kan i tillegg avklara om det er behov for sikring av laust berg.

3. Evakuering av bygget bør oppretthaldast inntil nødvendige tiltak er utført.

4. Kortvarig naudsynt driftsmessig opphald i bygget, inntil ein times varigheit og med få personar, vert rekna å vera innanfor akseptabel risiko.

Kommunen ved teknisk etat vil snarast følgje opp saka vidare med aktuelle instansar og firma, utifrå tilrådingane frå NVE.

HOL I TAKET: Delar av steinspranget hamna på taket av Bryggjeslottet.