SAME NUMMER: Nummeret til legevakta er framleis 116 117. (Illustrasjonsfoto

Legevakta på Voss blir flytta

Legevakta på Voss blir i dag, måndag, flytta frå sjukehuset til Lekvebakken 15.

— Det er for å hindra koronasmitte på Voss sjukehus, seier kommuneoverlege Ole Thorseth.

Legevakta på Voss blir flytta frå måndag klokka 16.

— Lekvebakken 15 er ein nedlagt institusjon rett i nærleiken av sjukehuset som no er klar til å ta imot pasientar og fungera som vanleg legevakt.

Same nummer

Thorseth opplyser at nummer til legevakta er det same som før, altså 116 117.

— Testing av koronasmitta i Vaksdal føregår framleis på Voss?

— Ja, ein tilsett hjå oss deltek også i prøvetaking der.

Jamn pågang hjå legen

— Korleis er situasjonen på legekontoret på Dale?

— For tida tek eg sjølv berre e-konsultasjonar, og dei andre legane driftar fastlegekontoret på vanleg måte. Det er jamn pågang, men litt mindre av undersøkingar som kan venta, seier Thorseth.