annonse

Lærte om universet med kjendis-astrofysikar

POPULÆRE
POPULÆRE: Anne Mette Sannes, science fiction-forfattar og vidareformidlar, og atrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard var populære blant elevane. (Foto: Monika Antun)

Sist veke hadde 4. til 7. trinn på Vaksdal skule besøk av den kjende astrofysikaren Knut Jørgen Røed Ødegaard.

Kristine Næss Thorsen

Anne Mette Sannes, som er science fiction-forfattar og vitenformidlar, kom også på besøk til skulen.

– Det blei eit fyrverkeri av eit foredrag med bilete, filmar og formidling frå glødande engasjerte fagpersonar. I kjend stil prata dei som ein foss, og me vart teken med ut i rommet til planetar og dvergplanetar, månar i alle slags fargar, astroidebelte og ormehol, fortel Monika Antun, rektor ved Vaksdal skule.

Meteoritt

Elevane lærte at det finst tre ulike meteorittar, og fekk kjenna på ein jernmeteoritt.

– Me fekk lære om forsking og teknologi, og korleis tidlegare science fiction-idear i dag er ein realitet. Få trudde tidlegare at ein rakett kunne returnera sjølv og lande igjen på oppskytingsbana, men i dag er det mogeleg.

Bu på Mars

Ødegaard fortalde at i framtida går det an å bu på mars. Sjølv om ein ikkje har oksygen der, kan det løysast, og det vert arbeida med ein romheis i verdas sterkaste materiale, nanonkarbonrøyr.

– Heisen må gå frå ekvator og opp i atmosfæren, og Ødegaard forsikra oss om at den skulle vera stabil, seier Antun.

Ho fortel at Ødegard spurde om kor mange av elevane som ville vera med, og mange rekte opp handa, medan dei vaksne nølte. Mange av dei ivrige elevane vart likevel skeptiske då dei fekk veta at heisen vil ta om lag ei veke til månen.

– Men då dei fekk veta at det nok vil vera wifi om bord slik at ein kan kommunisera med jordkloden, vart mange gira igjen, smiler Antun.

knt@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.