Lite koronanytt laurdag kveld

— Det einaste eg veit er at det ikkje er meldt inn positive prøvesvar til no i dag, lyder koronarapporten frå kommuneoverlege i Vaksdal, Ole M. Thorseth, laurdag kveld.

— Og det er positivt sjølvsagt, seier Thorseth, som presiserer han ikkje veit kor mange prøvesvar som er komme svar på av dei svært mange testane som er gjort i Vaksdal kommune dei siste dagane.

— Til vanleg brukar dei fleste prøvesvara å komma tett opp mot midnatt, så i morgon føremiddag kan eg nok svara betre, seier han.

— Ser du føre deg at det kan bli aktuelt med meir stenging av skular og barnehagar om det skulle vera mykje smitte der utover i neste veke?

— Det kan sjølvsagt bli aktuelt, sjølv om det nett no er lite som tyder på det. Det avheng mykje på korleis svara på testane me har teke av born og unge dei siste dagane ser ut, det får me først vita heilt 100 % over helga. Meir konkret kan eg ikkje vera no i kveld, seier Thorseth då VP snakka med han litt før klokka åtte laurdag kveld.