— Løpet er køyrt for jernbanestasjon i fjell på Stanghelle

Prosjektleiinga for K5 avviste i kommunestyret tysdag bombastisk ønsket om stasjon i fjellet i staden for i Døso for ny jernbane forbi Stanghelle. Alternativet til stopp i Døso er å gå rett til Dale, og då blir det ikkje stasjon på Stanghelle i det heile.

Det var prosjektleiar Gunnar Søderholm som svara slik på direkte spørsmål frå Erlend Hesjedal-Johannessen (H).

K5: Prosjektleiar Gunnar Søderholm orienterte Vaksdal kommunestyre om status i planarbeidet for ny veg og bane, K5, frå Arna til Stanghelle. Foto: Magne Solhaug

— De må unngå omkamp

Svaret vart følgt opp av eit like klart råd frå Hilde Magnusson, dagleg leiar i Forum Nye Bergensbanen.

— De må for all del unngå omkamp om stasjonen på Stanghelle. Ikkje lag støy om dette. Då vil andre som kjempar om å få fram samferdsleprosjekt visa til at her er det stor usemje i bygda. Stasjon i fjell er ikkje noko alternativ, så legg den ballen død, oppmoda Magnusson.

I salen sat Finn Fossmark, ihuga tilhengjar av fjell-alternativet og rista på hovudet.

— Å truga folk til tausheit på denne måten synest eg lite om, sa han til VP etter møtet.

Anleggstøy

Elles vart planane for K5 gjennom Vaksdal kommune presentert med litt fleire detaljar enn før, og med førebelse støysonekart. Marita Sørbø frå Rambøll/Sweco fortalde at desse karta først vert endelege klare etter at anlegget er ferdig planlagt.

— Spesielt i anleggsfasen blir det store støyutfordringar med boring, sprenging og anna massehandtering både langs ny veg og ny bane. Folk både på Vaksdal og Stanghelle vil merka dette på kroppen, sa ho.

Sørbø forsikra samstundes at krav om støyskjerming vil komma, støykrav som entreprenørar må retta seg etter. Men, ho sa også at ein visste godt at anlegget ikkje ville klara heile tida å halda dei støykrava ein vart pålagt.

Stanghelle

Elles kom det fram at kulvertløysing på Stanghelle også er uaktuell. Det blir dagsone gjennom Døso, med enkle plattformløysingar. 250 meter lange og 4,5 meter breie plattformer, og heis og trapp ned til plattformene på begge sider.

— Og plattformene blir stort sett det ein finn på stasjonen, det blir ingen stasjonsbygningar som i dag, berre mindre bygningar, eit slags venteskur, sa Søderholm.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samstundes forsikra han at sambandet mellom aust- og vestsida på Stanghelle ville flyta som i dag. Bilvegar, gangvegar, sykkelvegar ville syta for det. 40 parkeringsplassar vil det komma både på dei nye stasjonane både på Vaksdal og Stanghelle.

Det vart også etterlyst betre illustrasjonar i 3d-format.

— Det kjem, men då ikkje til folkemøta me skal ha i februar, sa Søderholm.

Barnehagen på Stanghelle

På Stanghelle vil barnehagen måtta flyttast i anleggstida, men det er håp om å opna den att seinare.

— Me jobbar med barnehagen for å sjå om den kan eksistera i framtida. Den ligg i raud støysone, og då ringjer bjellene. Støynivået på dagtid vert mindre enn om natta då godstoga kjem, så det er håp om å få dette til, sa Sørbø

VAKSDAL: Illustrasjon av jernbanetraseen gjennom Vaksdal slik den er planlagt, dersom vegen blir lagt i Tolåsen. Traseen går på ei bru som i høgd blir liggjande om lag åtte meter over nivået til dagens E16 gjennom sentrum.

Vaksdal

På Vaksdal kom det også fleire nye detaljar fram. To alternativ vart presentert, eitt med jernbane og veg ved sida av kvarandre i sentrum, og eitt der vegen var trekt opp i Tolåsen. Varaordførar Kjartan Haugsnes (SV) minna om at det var både Vaksdal kommune og folk på Vaksdal sitt klare ønske at Tolåsen-alternativet vert vald.

— Vil de tilrå eitt av alternativa, spurde han — og ja, det sa prosjektleiaren at dei ville når så lang leid, men at ein no i prosjekteringsfasen likestilte dei to.

Det kom også fram at Vaksdal Senter ville overleva begge alternativa, ingen riving her. Men bygningane bak, som i dag husar Sæterdal Elektro og Tommestokken Bygg, ville måtta innløysast om både veg og bane vert lagt i sentrum.

Om vegen hamnar i Tolåsen, og berre bana blir att i sentrum, så vert traseen trekt lenger vekk frå Vaksdal Senter, og høgare opp.

— Jernbanelina vil gå då heile åtte meter høgare enn det dagens E16 gjer, fortalde Alf Anders Langhelle frå Sweco/Rambøll til VP.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ei slag bruløysing vil det då bli, med tilførslevegar som mellom anna går under brua, om altså ny veg kjem i Tolåsen.

Dagløysing for jernbana vil verta 250 meter lang.

— Nett så lang som plattformene blir, fortalde Langhelle.

Innløysing av eigedomar

Kjartan Haugsnes meinte at innløysingsproblematikken måtte opp og fram på folkemøta i februar,

— Dette opptek folk, meir dess nærare ein kjem K5 med sin eigen kjøkkenhage, sa Haugsnes.

— Det forstår eg og dette skal me ta omsyn til. Men, me må ha ein godkjent reguleringsplan før me kan innløysa bustadeigedomar, og det har me ikkje no. Det kan også vera aktuelt at folk får alternative bustader i anleggsperioden, og så flyttar heim att etterpå, svara prosjektleiar Gunnar Søderholm.

Folkemøte i februar

Etter møtet vart det opplyst at folkemøta som skal vera på Stanghelle og Vaksdal om prosjektet, no har fått møtedag. På Vaksdal vert dette avvikla onsdag 5. februar, på Stanghelle dagen etter.