GÅR IGJEN: Etter to lengre togstansar på to dagar grunna trefall og branntilløp i nærleiken av Trengreid, var togtrafikken i gang igjen tysdag føremiddag.

Bergensbana opna igjen

I føremiddag vart Bergensbana igjen opna for trafikk etter å ha vore stengt i fleire timar.

Tysdag morgon stod togtrafikken på Bergensbana for andre dag på rad. Årsaka no var røykutvikling ved ein tunnel i nærleiken av Trengereid.

– Strekninga er open igjen, men ein må framleis rekna med forseinkingar i togtrafikken, opplyser Bane NOR.