SPENTE: Ein spent gjeng med ungdommar er klare for ein tur på fjorden med ribb-båt. Foto: Maren Thorkildsen

Minnerik tur til Flåm for heldige barn og unge

Zipline, sykling, camping, tur med ribb-båt og Flåmsbana — rundt 20 heldige deltakarar i alderen 9—17 år fekk både naturopplevingar og adrenalinkick på den ettertrakta turen til Flåm sist veke, i regi av Vaksdal frivilligsentral.

Overnattingsturen frå onsdag til torsdag vart arrangert som ein del av sommarprogrammet «Ung i Vaksdal», som byr på gratis opplevingar og aktivitetar for barn og ungdom i Vaksdal kommune. Særs mange ønskte å vera med på Flåm-turen.

— Det kom til slutt inn 63 påmeldingar, og me hadde eigentleg berre plass til ti. Men me utvida til 20 plassar, fortel dagleg leiar for frivilligsentralen, Torunn Samuelsen.

Kjekk dag på fjorden

Turen starta med transport til Flåm onsdag, etterfølgd av ein tur med ribb-båt på fjorden.

— Båtførarane kunne lova at me ikkje skulle bli våte, i alle fall ikkje dei som sat midt i båten. Det starta roleg ut frå marinaen i Flåm, men ikkje langt utpå fjorden gav dei gass, og då dei køyrde i bølgjene til kvarandre, var det ikkje fritt for skrekkblanda fryd om bord i båtane, fortel Maren Thorkildsen, som var ein av dei tre vaksne aktivitetsleiarane som var med på turen.

FULL FART: Fart og spenning, flott natur og nærkontakt med det lokale dyrelivet var noko av det båtturen kunne by på. Foto: Maren Thorkildsen

Båtturen varte i halvannan time, og då dei nærma seg Aurland var dei heldige og såg niser på nært hald.

— Det var kjempestemning blant unge og vaksne då me gjekk i land, og alle var einige om at det hadde vore ei fantastisk oppleving, held Thorkildsen fram.

Etter ein time «fri» til bading og avslapping, var det grilling og sosialt samvær på campingplassen. Thorkildsen fortel òg om stille prat og knising i telta til ungdomane til langt på natt.

SOSIALT: Elias Hesjedal Haug og Veslemøy Langhelle Magnussen spelte litt badminton på campingplassen. Foto: Maren Thorkildsen

Lengste zipline i Norden

Neste dag starta med ein tur med Flåmsbana opp til Vatnahalsen, som ligg 820 moh. Derifrå tok dei zipline ned att til Kårdalen — ein distanse på 1.381 meter og med ein høgdeskilnad på 305 meter. Toppfart kan koma opp i om lag 100 km/t.

— Det er ikkje rart fleire fekk sommarfuglar i magen då dei såg lina som gjekk over dalen frå toget. Betre vart det ikkje då me kom til utsiktspunktet og såg dei som vart sende utfor. Fleire vurderte eit lite augneblikk å gå turen ned til syklane som stod og venta i Kårdalen, seier Thorkildsen, og held fram:

— Men når dei første to bokstaveleg talt «hoppa» i det, kunne ikkje dei to neste vera dårlegare. Nei, faktisk kunne ingen vera dårlegare. Dei vaksne som skulle ta zipline måtte fint venta til slutt! Når ein først var komen i lufta var det ingen veg tilbake, og då var det berre å nyta utsikta og landskapet der ein suste av garde.

Artikkelen held fram under annonsen.

ZIPLINE: Anna Boge Moe er klar for å setja utfor. Foto: Maren Thorkildsen

— Alle kommenterte etterpå at det gjekk litt for sakte, supplerer Torunn Samuelsen med eit smil.

Sovna på bussen

Turgjengen åt lunsj i Kårdalen, før dei tok fatt på siste etappe, som var 15 kilometer på sykkel ned Flåmsdalen.

— Det var ein gjeng trøytte ungdommar på bussen heim att torsdag ettermiddag. Dei fleste hadde sovna før Gudvangen, fortel Thorkildsen.

SISTE ETAPPE: 15 kilometer på sykkel ned Flåmsdalen var siste aktivitet på programmet for turen til Flåm. Foto: Maren Thorkildsen

Ifølgje ho var det delte meiningar blant turdeltakarane om kva som hadde vore kjekkast.

— Nokon synest at ribb-båt var det kjekkaste, men dei fleste meinte at zipline og sykkelturen var høgdepunkta på turen. Kort samanfatta; ein svært vellukka tur, sluttar Maren Thorkildsen.