Kommuneoverlege Frøydis Gullbrå informerer om staus i Modalen.

Modalen ønskjer kontakt med frivillige

Modalen kommune ønskjer å komma i kontakt med frivillige for å ha mannskap i reserve om kommunale tenester vert pressa.

— Me håpar folk er velvillige og vil stilla opp. Det vil vera bra om me kan ha folk i reserve når teneste blir meir pressa, seier kommuneoverlege Frøydis Gullbrå.

Kommunen vil ha bruk for frivillige framover, til ulike oppdrag. Ein oppmodar om at folk som har moglegheit til å melda seg til kommunen på e-post: postmottak@modalen.kommune.no

— Ei liste over frivillige kan vera gull verd når det blir meir press på tenestene og behovet aukar. Me ønskjer spesielt folk som har helsefagleg kompetanse, dersom ein ikkje allereie har oppdrag, seier Gullbrå.

Førebels lite smittepress

Ho opplyser at Modalen førebels har lite smittepress av Korona-viruset.

— Det er teke ein del prøvar på mistanke om Covid 19-smitte i siste veka, men alle prøvesvara som er komme tilbake har vore negative. Slik situasjonen er no kan det likevel vera smitte i omløp som ikkje er fanga opp. Ei vanleg forkjøling kan vera korona-smitte, difor oppmodar me alle om å vera heime om de har symptom med nyoppstått sår hals, hoste, feber eller tungpust. Oppsøk kun helsetenesta på telefon, oppmodar Gullbrå.

— Me vil ikkje ha nokon med luftveg-symptom inn på helsesenteret utan etter klar avtale med oss. Telefonen er open alle kvardagar mellom klokka 08 og 16. Me oppmodar folk til å bruka sms-tenestene i kontakt med legekontoret.

Send 2097: Modalen fødselsdato, ditt namn og kort informasjon.

Ein kan også gå inn via heimesida: www.modalenlegekontor.no

Elles vert det opplyst at helsetenestene må tilpassast situasjonen, og at alt som kan venta må venta.

— Me skal så langt som råd halda fram med nødvendige undersøkingar og kontrollar som er oppsett. Folk vil få beskjed om avlysingar. Me tek i bruk video-konsultasjonar for dei det kan vera aktuelt for.

Karantene for studentar og elevar

Kommunelegen viser til at det no er meir smitte i dei store byane.

— For å bremsa smittespreiinga her hjå oss, er det i dag, søndag, sett i verk restriksjonar for studentar og elevar som kjem heim frå studiar nokre stader i landet. Desse gjeld frå i dag, 15. mars, og har tilbakeverkande kraft til heimkomstdato etter 11. mars.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dersom ein har opphalde seg i Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger og eller Viken, eller kjem frå skular som vart stengt grunna smitte før allment stengjepåbod, skal ein vera i heimekarantene i 14 dagar frå den dagen ein kom til Modalen.

— Helsepersonell og personar med samfunnskritiske stillingar må òg innretta seg slik at dei unngå å bli indirekte ramma av desse retningslinjene. Det betyr at mange må prøva å finna alternativ innlosjering til besøkjande eller familiemedlemmer som kjem frå område som utløyser karantene.

Folk bør halda seg i ro

Modalen kommune viser til råd frå Folkehelseinstituttet, og oppmodar folk om å halda seg i ro og unngå unødvendige reiser.

Ein bør ikkje samla ungar saman, ha heller ein leikeven gjennom perioden om det trengst.

— Det er betre å møtast ute enn inne. Hyttefolk blir oppmoda om å reisa heim.

Kommuneoverlege Gullbrå seier at ein opplever stor forståing for situasjonen mellom folk i Modalen.

— Det er krevjande tider for alle, med ein ny kvardag. Me oppmodar alle til omtanke og tolmod med kvarandre — så kjem me oss lettare gjennom dette, seier Gullbrå.