Modalstunnelen vart søndag føremiddag steng grunna steinfall. Foto: Magne Solhaug

Snart ledebil gjennom tunnelen

Modalstunnelen vart søndag føremiddag stengt etter at mykje stein har falle ned i vegbana. Steinen som er falle ned blir ikkje fjerna før i morgon, men snart vil det gå ledebil gjennom tunnelen.

Med det kan bilistane i løpet av søndag ettermiddag kunna køyra att mellom Modalen og Eksingedalen.

Det er Vegtrafikksentralen som melder dette.

Det var om lag eit tonn med stein som er hamna i vegen søndag føremiddag i 11-tida.