Ordførar Hege Eide Vik. Foto: Vaksdal kommune

Mykje nedstengt måndag og tysdag

— Me går inn i ei ny veke med mange i karantene og ventekarantene. Kommunale bygg vil ikkje vera opne for aktivitet måndag og tysdag, skriv ordførar Hege Eide Vik.

Vaksdal kommune har no fem innbyggjarar som er smitta av covid-19.

— Det er mellom anna smitte med direkte tilknyting til LAN som vart arrangert i Turbinen førre helg. Dette gjer at mange er i karantene og ventekarantene, skriv ordføraren på kommunen si nettside.

Digital undervisning

Ordføraren peikar vidare på at når mange tilsette er i karantene og ventekarantene, får det også konsekvensar for dei kommunale tenestene.

— Det har vore arbeidd godt i helga for å planleggja veka som kjem. Dei som vert berørt av digital undervisning og stengt eller kortare opningstider i barnehage med meir får beskjed om dette i eigne kanalar.

Les også
Koronasmitte får store konsekvensar

Digitale møte og stengde bygg

Kommunestyremøtet tysdag vert halde digitalt, og kommunale bygg vil ikkje vera opne for aktivitetar måndag og tysdag som følgje av situasjonen.

Les også
Eit nytt smittetilfelle søndag

— Smittevernreglane er følgde

— Det er viktig å seia at smittevernreglane har vore følgde på ein god måte av arrangør og deltakarane på LAN i Turbinen sist helg. Me kan ikkje heilgardera oss mot smitte, og me set i verk dei tiltaka me kan for å avgrensa smitten. Kommunal kriseleiing har god oversikt over situasjonen, og følgjer utviklinga tett, skriv Eide Vik.

Ho minner innbyggjarane om å hugsa å følgja smittevernreglane.

— Hugs å halda avstand, vaska hender og halda dykk heime om de er sjuke. Ring koronatelefonen 453 77 777 for å avtale testing om de har symptom, skriv ordførar Hege Eide Vik.