FLEIRE DOSAR: Vaksdal kommune kjem truleg til å oppleva ein auke i talet på dosar i vekene framover. Foto: Esben Hesjedal

No er 1.183 personar fullvaksinerte

Talet på fullvaksinerte i Vaksdal kommune er per 9. juli 1.183, opplyser kommunen. Det er 50 fleire enn veka før.

Det vart sett 139 vaksinedosar i veka som gjekk, og neste veke (veke 28) er det venta 114 dosar.

Ifølgje fordelingsoversikta til FHI skal Vaksdal kommune få 294 dosar i veke 29. I den meir usikre oversikta for veke 30-32, melder FHI at Vaksdal då kan få om lag 300 dosar i veka.

Vaksinerer i ferien

Kommuneoverlege Ole M. Thorseth har tidlegare sagt til VaksdalPosten at kommunen er rigga og klar til å handtera vaksineringa.

— Ja, trass i ferieavviklinga har me klart å rigga oss slik at me får sett dei vaksinane som me vil komma til å få. Me har mellom anna henta inn pensjonerte helsearbeidarar og studentar.

Har kome langt

Vaksineringa går framleis føre seg i bedehuset på Dale, og tilsette i oppvekstsektoren får no tilbod om vaksine, i tillegg til gruppene 40—44 år og 18—24 år.

Kommunen følgjer dei nasjonale råda for rekkjefølgje av vaksineringa.

Neste oppdatering om talet på vaksinerte kjem i veke 32, som er den andre veka i august.