Ny straum- og vasstilførsle til Stanghelle Vest

BKK og Vaksdal kommune samarbeider om ny straumtilførsle og ny vassleidning lagt på sjøbotn over vågen frå området ved Stanghelle stasjon og til Stanghelle Vest.

I samband med omlegginga av vasstilførsla til dei nye planlagde byggjefelta ut mot Tettaneset, så vart det konstatert at hovudvassleidningen til Stanghelle Vest, som er etablert i røyr under Vågen bru, er i dårleg forfatning og må skiftast.

TVERS OVER VÅGEN: Nye vassrøyr og høgspentkabel skal i nær framtid leggjast i sjøen her frå stasjonsområdet på Stanghelle og til enden av Vågen bru på andre sida av Stanghellevågen.

Samarbeid

— Samstundes er det klart at BKK skal leggja ny høgspentkabel fram til dei planlagde nybyggjarfelta, og me har no fått avtale om å leggja vår vassleidning langs den same traseen som BKK skal bruka, fortel byggjeleiar for Vaksdal kommune sitt nye vegprosjekt på Stanghelle Vest, Stein Klynderud.

Nye vassrøyr og ny høgspentkabel skal i løpet av vinteren leggjast i sjøen frå nedsida av planovergangen ved Stanghelle stasjon, for så å komma opp att på vestsida, like nedom der Vågen bru tek land. Dette er ei strekning på om lag 200 meter.

Ny høgspent til nye byggjefelt

Medan drikkevatnet går til både ny og gammal busetnad på Stanghelle Vest, så er høgspentkabelen, som går vidare i bakken inn mot den nye busetnaden som skal komma utover frå Agnavika og mot fyret på Tettaneset, i første omgang berre berekna på dei nye bustadfelta.

— Den gamle høgspentlinja i luft som kjem inn på baksida av Stanghelle Vest via Folavika, vil framleis vera den som husa som står der i dag får straumen sin frå, fortel rådgjevar hjå BKK, Brynjulv Hvidsten.

Totalkostnad 3,5 millionar kroner

BKK sin totalkostnad med framføringa av ny høgspentkabel er på om lag 2 millionar kroner, medan Vaksdal kommune får ein ekstrakostnad med 1,5 millionar kroner for den nye vassleidningen.

— Med bakgrunn i tilstandsrapporten me fekk på den gamle vassleidningen, så er eg trygg på at dette er ei god investering. No får me ei sikker og god vasstilførsle både til gammal og ny busetnad på Stanghelle Vest, seier kommunalsjef Helge Berset.

NYBYGGING: 14 nye bustader i regi av Arkoconsult, som skal byggjast på denne tomta i løpet av året, er første byggjetrinn i den nye bustadbyggjesatsinga på Stanghelle Vest. Biletet er teke frå Agnavikhaugen. Foto: Magne Solhaug