ORGANISERER: Ingeborg Nummedal-Rolland og Jenny Solhaug som tek «Innsats for andre» har vore med å planleggja, finna og bestilla utstyr til BULK. Foto: Kristine Næss Thorsen

Ny utlånsteneste i Turbinen

Frå torsdag av kan barn og unge låna leikar og anna utstyr i fleirbrukshallen gjennom nystarta BULK.

— Det er kjekt å kunne bidra til lokalsamfunnet, slik at alle kan låna utstyr her, seier Jenny Solhaug (13).

Frå i dag er ei ny utlånsordning i gang i andre etasje i Turbinen. Her kan barn og unge låna utstyr som ski, skøyter, fotballar, syklar, friluftsutstyr og dataspel.

Jenny og andre elevar som tek faget «Innsats for andre» har vore med å organisera utlånstenesta.

— Det er ikkje alle som har råd til å kjøpa nye ting, så dette er ei veldig god ordning, seier Ingeborg Nummedal-Rolland (13), som også er elev på ungdomsskulen.

BULK

Jentene har vore med å bestemma at namnet for utlånstenesta. som er blitt kalla BULK, gjennom ei namnekonkurranse.

Det er ei forkorting for «Barn og unges låneklubb».

— Me har lenge sagt at me har lyst til å få til dette, seier Torunn Samuelsen, leiar i Frivilligsentralen.

I tillegg til elevane ved «Innsats for andre» er det er Frivilligsentralen, ein kommunal miljøarbeidar og frivillige som skal driva lånetenesta.

— Når borna lånar utstyr må dei ha med foreldra. Og utstyret skal leverast tilbake på same stad, forklarar Samuelsen.

UTLÅN: Trond Olav Magnussen og Torunn Samuelsen med noko av utstyret som er til utlån i Turbinen. Foto: Kristine Næss Thorsen

Interessert i utstyr

Til prosjektet har dei fått 150.000 kroner av Barne-, ungdoms-, og familiedirektoratet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samuelsen seier at BULK er interessert i å få inn ting som ein så kan låna ut til folk, men er klar på at tinga må vera brukbare.

— Me ser litt kva me får inn først og så kjøper me inn utstyr for midlane etterpå, når me ser kva me manglar.

Brettspeling

BULK skal vera ope frå klokka 16 til klokka 20 på torsdagar. Det skal også vera høve til å spela brettspel og playstation i Turbinen i opningstida.

— Både Ungdomsrådet, elevar som har «Innsats for andre» og frivillige generelt har komme med gode innspel til prosjektet, seier Ann Kristin Bolstad, kommunalsjef for oppvekst i Vaksdal kommune.