Heradshuset på Dale.

Nye koronaråd frå Vaksdal kommune

Sist veke kom det nye tiltak og tilrådingar frå Vaksdal kommune.

– Bergen innførte eigne korona-tiltak for å handtere smitteutbrot i kommunen. Alver, Askøy, Bjørnafjorden, Osterøy, Samnanger, Vaksdal og Øygarden kommunar har tett kontakt med Bergen, både gjennom pendling, handel, kulturarrangement og sosiale aktivitetar. Tiltaka som no vert innført i desse nabokommunane gjeld fram til 26. november, opplyser Vaksdal kommune.

For å avgrense smittespreiing vil kommunane etter råd frå Folkehelseinstituttet (FHI), tilrå nokre av dei same smitteverntiltaka som Bergen. Dei nasjonale smittvernråda gjeld òg.

Dei nye smitteverntiltaka

– Ikkje fleire enn fem gjester heime, i tillegg til dei du bur med. Dette er i samsvar med dei nasjonale råda.

– Maksimalt 50 deltakarar på offentlege arrangement utan fast sitjeplass. For arrangement med faste sitjeplassar gjeld framleis grensa på 200 personar.

I tillegg til nasjonale råd tilrår Alver, Askøy, Bjørnafjorden, Osterøy, Samnanger, Vaksdal og Øygarden følgjande:

– Serveringsstader som serverer alkohol, slepp ikkje inn gjester og serverer ikkje brennevin etter klokka 24.

– Serveringsstader har system for registrering av gjester.

– Lyden på utestader og serveringsstader skal vera på eit slikt nivå at gjester kan halde ein samtale med 1 meters avstand.

– Heimekontor for innbyggarar som er avhengige av kollektivtransport, der det er praktisk mogleg og hensiktsmessig.

– Bruk munnbind på kollektivtransport til og frå Bergen dersom du ikkje kan halde 1 meters avstand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjukeheimane som før

Vaksdal kommune vil også innføre:

– Registrering av besøkjande.

– Det blir ingen endring i besøk på institusjonane våre.

– Kultur og idrett held fram som no, men det blir ikkje opna for fleire aktivitetar dei neste 4 vekene.

Det vert elles opplyst at Vaksdal kommune no har ein koronapositiv innbyggar. Personen er i isolasjon og det er ingen smitterisiko.

Munnbind i Bergen

Vaksdal kommune minner også om at alle må bidra der ein kan, og overhalda smittevernreglane:

– Halda avstand.

– Vaska hender.

– Vera heime om ein er sjuk.

– Kan du ikkje halde avstand innandørs anbefaler me deg å bruke munnbind.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Skal du til Bergen kommune, må du følgje Bergen sine påbod. Dette gjeld mellom anna bruk av munnbind innandørs på offentleg stad og på kollektivtransport der du ikkje kan halde 1 meters avstand.