Kommuneoverlege Ole M. Thorseth stadfestar onsdag at ein person er smitta, men meiner det ikkje er grunn til uro for folk i Vaksdal i samband med dette.

— Liten grunn til uro i samband med nytt koronatilfelle

Kommunelege Ole M. Thorseth seier folk i Vaksdal ikkje har større grunn til å uroa seg enn før, etter at ein person har fått påvist smitte.

Det var onsdag føremiddag er det klart at ein person busett i Vaksdal kommune har testa positivt på korona.

— Ingen i Vaksdal eksponert for smitte

Thorseth fortel til VP klokka 14 onsdag, at ein har kontroll på situasjonen. Smittevegane er klare, og ingen i Vaksdal kommune skal ha blitt eksponert i samband med dette tilfellet.

— Det er ein mann som har fått påvist smitte. Dette skjedde utanfor kommunen, og han har gjort alt rett og er no isolert. Ingen andre i Vaksdal er eksponert for smitte i samband med dette smittetilfellet. Ein person som bur på same adresse har gått i karantene, opplyser Thorseth.

Kom med fly frå utlandet

Han fortel at den smitta kom med fly frå utlandet, og at kommunen vart varsla frå ein flyplass på Austlandet.

— I og med at den smitta har gjort alt rett då situasjonen oppstod, så utgjer ikkje dette tilfelle noko ekstra risiko for innbyggjarar i Vaksdal. Enkelt sagt så er ikkje sjansen større for å bli koronasmitta i dag, enn den var i går. Så folk kan ta det med ro og ikkje stressa, seier Thorseth.

Føler seg frisk

Han fortel at trykket på koronatelefonen har auka vesentleg etter at smittetilfellet vart kjent.

Verken mannen som har fått påvist smitte, eller personen som bur på den same adressa, har symptom på sjukdom.

Nye anbefalingar

Kommunelegen opplyser elles at det vil komma nokre nye anbefalingar frå Vaksdal kommune i løpet av onsdag. Les dei her.