Nytt smittetilfelle i helga

Vaksdal kommune melder om eit nytt smittetilfelle søndag. Foto: FHI

Vaksdal kommune har fått eit nytt smittetilfelle i helga.

— Kommuneoverlegen har i helga fått inn ein positiv covid-19-test, melder Vaksdal kommune søndag føremiddag.

Det vert opplyst at vedkommande er i isolasjon.

— Smittesporing med nødvendige karantenar er sett i verk, heiter det.

Det siste smittetilfellet er det sjuande i dette utbrotet, som starta onsdag for halvanna veke sidan.

Til saman er 48 personar no smitta i Vaksdal kommune sidan starten av pandemien.