Onsdag vert det meldt om eit nytt smittetilfelle i Vaksdal kommune. Biletet er frå teststasjonen i Dalehallen.

Nytt smittetilfelle i Vaksdal

Onsdag kveld melder Vaksdal kommune at ein person har testa positivt på koronasmitte.

— Kommunen har i dag fått melding om at ein person har fått påvist covid-19 i Vaksdal kommune. Personen er isolert, og nærkontaktar er i karantene, opplyser kommunen i ei melding.

Det vert elles vist til at dei nasjonale smitteverntiltaka gjeld til og med 19. januar.

— Måndag 18. januar er det venta nye tiltak når statsminister Erna Solberg skal gjera greie for stoda i Stortinget.

Før dette smittetilfellet må ein tilbake til slutten av november for å finna sist koronasmitta i Vaksdal.