Torsdag kveld vert det meldt om eit nytt smittetilfelle i Vaksdal kommune.

Nytt smittetilfelle

Vaksdal kommune melder torsdag kveld at det er komme eit nytt smittetilfelle.

— Kommunen har i dag motteke melding om ein at ein person har testa positivt på covid-19, heiter det i ei melding.

Det vert vidare opplyst at vedkommande har vore i karantene, og er følgt opp av koronateamet i kommunen.

Les også
— Trur me har lukkast i slå ned dette utbrotet

— Vaksdal kommune har då seks personar som har testa positivt på covid-19 av dei som har vore testa dei to siste vekene.

Sist veke fekk fem personar påvist koronasmitte. Utbrotet starta onsdag sist veke, og det siste tilfellet før dagens, vart registrert søndag.

Totalt sidan pandemien starta har det blitt registrert 47 tilfelle av koronasmitte i Vaksdal.