Desse utkledde julebukkane deltok i julemarsjen på Stanghelle. (Privat foto)

Nyttårsaftan med fakkeltog og julebukkmarsj

Koronaåret 2020 fører med seg nye skikkar. Ein av dei var felles opptog i fleire bygder.

Det var fakkeltog på nyttårsaftan på Dale. (Privat foto)

På Dale var det fakkeltog som starta og slutta i Gatå. Dale IL var arrangør, og leiar Kim Gregersen fortel at bakgrunnen er koronasituasjonen, og at det å gå julebukk frå hus til hus ikkje er så naturleg som tidlegare.

— Me arrangerte eit fakkeltog, der både born og vaksne kunne kle seg ut om dei ville. Altvarr gratis, både faklar og godtepose til dei minste, fortel Gregersen.

Oppslutnaden om nyskapinga var god, kring 120 små og store var samla i Dale sentrum. Ruta hadde start nedst i Gatå, ein gjekk så oppover forbi høgbygget og ned Jepsabrekko, langs fabrikken og opp igjen til Gatå der ein startat.

Også på Stanghelle var mykje folk, små som store, samla til felles julebukkmarsj.

Julebukkar på Stanghelle. (Privat foto)
Fakkeltoget går forbi fabrikken på Dale. (Privat foto)
Nyttårsaftan på Stanghelle. (Privat foto)
Fakkeltoget i Gatå på Dale. (Privat foto)