To grupper i Vaksdal barnehage er sett i ventekarantene. (Arkivfoto)

Også karantene i Vaksdal barnehage

I samband med at ein person onsdag fekk påvist koronasmitte, er også to grupper i Vaksdal barnehage sett i ventekarantene.

Det opplyser kommunalsjef for oppvekst, Ann Kristin Bolstad.

— To grupper i barnehagen på Tveitane er onsdag sende heim i ventekarantene, saman med dei vaksne som er i desse gruppene. Alt er knytt til det same smittetilfellet som vart oppdaga onsdag, seier Bolstad.

Les også
Ein smitta i Vaksdal, skuleklassar i ventekarantene

Svar dei neste dagane

Kommunalsjefen seier at ein forventar svar på testane til nærkontaktane til den smitta i løpet av dei neste dagane.

— Me håpar på negativt prøvesvar, slik at alle dei som no er i ventekarantene kan komma tilbake i skule og barnehage. Skulle ein få fleire positive prøvesvar, så vil ein måtta gå vidare med meir testing og karantene, seier Bolstad.

Ho understrekar at dersom folk har symptom på sjukdom, så må dei testa seg.

— Det er sjølvsagt viktig at dei som no er i ulike former for karantene, overheld denne.

Elevar og vaksne i ventekarantene

Frå før er altså tre skuleklassar sett i ventekarantene. Desse elevane vart sende heim frå skulane onsdag føremiddag. Dette gjeld ein klasse ved ungdomstrinnet på Dale skule, og to klassar ved Stanghelle skule, der det for tida er elevar både frå Vaksdal og Stanghelle.

— Også dei vaksne som er knytt til klassane på Dale og Stanghelle er i ventekarantene, seier Bolstad.

FHI sine karantenereglar