Opnar for besøk på sjukeheimane igjen
Vaksdal kommune melder måndag at ein opnar for at pårørande kan besøkja sine på sjukeheimane.
— Vi opnar opp for noko besøk på institusjonane våre. Frå i dag, 30 november, opnar vi for besøk av ein person på besøk inntil to gonger for veka (så langt som råd same person). Vi har eigne avtalar for terminal/alvorleg sjuke pasientar, heiter det i ei melding frå kommunen.
Det vert vidare opplyst at alle besøk må avtalast på førehand.
— Besøkjande vil få nødvendig informasjon frå personalet på institusjonen. Velkomen på besøk, skriv kommunen.
Les også: Eitt nytt smittetilfelle laurdag