OPNAR IGJEN: Frå onsdag er det høve til vanleg trening for born og unge i Turbinen, medan vaksne framleis må venta.

Opnar opp att for sjukeheimsbesøk og fritidsaktivitetar for dei unge

I Vaksdal blir det frå i morgon, onsdag, igjen på visse vilkår tillate å besøkja dei eldre på sjukeheimane. Fellestreningar for born og unge vert også lov.

Dette skjer som ein følgje av at regjeringa i går, måndag, letta på dei strenge nasjonale smitteverntiltaka.

— Så på Vaksdal sjukeheim og Daletunet blir det no igjen gradvis tillate å kunna besøkja dei som bur der. I første omgang kan kvar bebuar ha inntil to besøk i veka, fortel rådmann Atle Fasteland.

Treningar

Når det gjeld fritidsaktivitetar for born og unge opp til 20 år, opnar ein også opp att. Det vil mellom anna seia at handball- og fotballag og badminton i denne aldersgruppa kan starta med fellestreningar igjen.

— Me opnar Turbinen og andre kommunale gymnastikk- og samfunnssalar for slik trening, men altså berre for born og unge, presiserer Fasteland.

Korpsøvingar

Også korps for born og unge kan starta opp igjen med fellesøvingar. Lokalt vil dette mellom anna kunna gjelda Vaksdal barne- og ungdomskorps.

— Det vert ikkje sagt noko om kor lenge dei nye retningslinene skal gjelda, så då har me sagt at slik vert det inntil vidare. Elles er smitta framleis rundt oss, så oppmodinga om å halda avstand, bruka munnbind, vaska hender med meir gjeld framleis i høgste grad. Me må framleis vera forsiktige, slik at dette ikkje blussar opp igjen, seier rådmannen.

Lokale tiltak i Vaksdal

Her er dei lokale tiltaka som Vaksdal kommune presenterte tysdag morgon:

Ungdomsskular og vidaregåande skular går tilbake til gult nivå.

Det vil seia at Dale og Eksingedalen skule, ungdomstrinnet, er tilbake til gult nivå frå onsdag 20.1.

Born og unge under 20 år kan trena og delta på fritidsaktivitetar, både ute og inne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vaksdal kommune skal setja opp treningsplanar i lag med idrettslaga.

Kampar, cupar og stemne må framleis utsetjast.

Besøk og private samlingar

Ein kan igjen kan ha inntil 5 gjestar i tillegg til dei som allereie bur saman, men alle bør framleis avgrensa sosial kontakt.

Dei fleste private samlingar og ulike arrangement bør framleis bli utsette eller avlyste. Om ein skal gjennomføra gjeld følgjande:

— For private samlingar utanfor eigen heim, som til dømes ein gebursdag i leigd lokale, er grensa inntil 10 personar. Dersom den private samlinga er utandørs, er grensa no 20 personar. For arrangement er det ingen endringar i reglane for tal på personar. I gravferder kan ein vera 50 personar.

Besøk på institusjonane i Vaksdal kommune

Frå onsdag 20. januar kan bebuarar på institusjonane våre ha to besøk i veka. Dette avtalast som før med avdelinga.

Skjenking

Forbod mot skjenking av alkohol på serveringsstader blir vidareført inntil vidare. Det blir gjort ei ny vurdering av dette i veke 4.

Heimekontor

Heimekontor er framleis tilrådd for dei som har høve til det.

Modalen endrar frå i dag 19. januar

Også Modalen kommune lettar på tiltaka som har vore, og det gjer ein alt frå i dag, tysdag. Her er det som gjeld no i Modalen.

Bruk av Bryggjeslottet:

Artikkelen held fram under annonsen.

Modalen kommune opnar opp for ulike aktivitetar i Bryggjeslottet.

— Born og unge under 20 år kan trena og delta i fritidsaktivitetar som normalt, både ute og inne. Dei kan òg sjå bort frå tilrådinga om 1 meters avstand når det er nødvendig i utøvinga av aktivitet.

— Basseng og treningsrom vert halde ope

— Ope for all undervisning for born og unge.

— Biblioteket vert halde ope.

— Kino kan gjennomførast

Skule/barnehage:

— Smitteverntiltaka blir senka frå raudt til gult nivå for ungdomsskular frå onsdag 20. januar

— Barnehagar skal framleis ha ope på gult nivå

Dei eldre

For dei eldre i Modalen får dette følgjande konkrete konsekvensar:

— Det blir opna for besøk til bebuarar ved Modalstunet frå 19. januar med 2 besøk pr. veke av 2 pårørande/besøkjande, kvart besøk inntil 1 time. Eigne besøksreglar for bebuarar i livets siste fase.

— Opning av dagsentertilbod må utsetjast inntil vidare. Meir informasjon om oppstart vil koma.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Trimtilbod for eldre må utsetjast inntil vidare. Meir informasjon om oppstart vil kome.

Kontor

Kommunale kontor, unnateke helsesenteret, vert stengt for besøkjande inntil vidare.

Heimekontor blir framleis tilrådd for alle som har mogelegheit til dette.